Kommentar
GENERELL UNDERTRYKKELSE: Hos Kristine Banggren Gripsgård i Vårt Land vert fordomar mot den upresist definerte «frikirkeligheten» til eit springbrett for generell kritikk av kristen formidling på området sex og samliv, skriver Sofie Braut.
Stian Lysberg Solum / NTB
Er ekteskapet seksuelle overgrep sette i system?
«Pliktsex» er eit ullent uttrykk som gjer mannen i eit parforhold skuldig til det motsette er bevist.
Vårt Land har nyleg hatt to saker som har tematisert overgrep i ekteskapet. Først ved kommentator Kristine Banggren Gripsgårds kommentar «Når kristen sex-forkynnelse skader kvinner». Deretter kom innlegget til ei anonym kvinne som fortel si historie under tittelen «Jeg skilte meg på grunn av pliktsex».
Begge sakene ser ut som å ha som føremål ikkje berre å ta opp vald og overgrep i nære relasjonar men også meir spesifikt å problematisera det kristne ekteskapet og forkynninga knytt til sex og samliv innan dei rammene.
Den anonyme kvinna skriv i sitt innlegg at ho på eit tidspunkt begynte å stilla spørsmål ved ekteskapet sitt. Ho «hadde begynt å kjenne på økende motvilje mot kroppen til mannen» og fann samtidig gjenklang i ei bok ho las om prostitusjon.