For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

BOD: Om Guds forventning til menneska hadde vore at dei skulle klara å halda seg til hans ord, ville offertenesta vore meiningslaus, skriv Bjarte Leine.

Er evangeliet lovlaust?

Publisert Sist oppdatert

I Dagen 02.09. har Vidar Sætre eit svar til Egil Sjaastad med ovanståande overskrift, då utan spørjeteikn. Sætre legg vekt på at Guds bod skal føljast for at vi skal få evig liv (Luk 10,25 ff). Dei er ikkje sett til sides eller umyndiggjort på noko vis. Det er ikkje vanskeleg å vera samd med han i det. Samstundes er det utfordrande å halda seg «innanfor» heile tida. I starten var det mindre komplisert …

Dei første som fekk den utfordringa, var Adam og Eva. I starten hadde dei berre eitt bod, 1 Mos 2,17: «.. men treet til kunnskap om godt og vondt, må du ikkje eta av, for den dagen du gjer det, skal du visseleg døy». Dei åt av treet, men døydde ikkje.

Då Gud seinare den dagen konfronterte dei med synda, stramma han hardt inn på levekåra deira (1 Mos 3,16–19). Men han tok ikkje livet av dei. I staden laga han klede til dei av skinn og kledde dei. Når dei då sidan såg på einannan, såg dei ikkje nakenskapen til den andre, men Guds gåve som dekka over synda deira. Det var Guds val å la si omsorg for, og sin kjærleik til sin skapning, skapt i hans eige bilete, trumfa lovas bokstav.

Powered by Labrador CMS