Kommentar
Er fleire vallister det Den norske kyrkja treng?
Mandag vedtok årsmøtet i Frimodig kyrkje å stille liste ved kyrkjevalet i 2023. Det kan virke som ein sjølvsagt ting. For om ein står for noko, vil ein naturleg søkje å fremje det ein står for og gjennom det vinne tilslutning frå flest mogeleg.
Frimodig kyrkje sitt årsmøte gjorde eit liknande vedtak i fjor. Men det var usikkert om Kyrkjemøtet kom til å føre vidare ordninga med såkalla nominasjonsliste. Om dei ikkje gjorde det, men la opp til reine partiliknande lister, ville det vore klart at Frimodig kyrkje også kom til å stille liste. Men Kyrkjemøtet vedtok å halde fram med nominasjonslister.
Det er ei slik ordning ein tradisjonelt har hatt i Den norske kyrkja. Då har ein prøvd å setje saman ein liste som skulle representere ei rimeleg breidde mellom kyrkjemedlemane. Vi kan seie at kyrkja prøvde å romme alle partia i ei felles liste, framfor at kvart parti skulle stille si eiga liste.
Det var denne modellen Åpen folkekirke braut. No får vi både Bønelista, Frimodig kyrkje og Åpen folkekirke – i tillegg til nyskapinga «Kirken for alle», om dei faktisk maktar å stille liste.
Sjølv har eg vore litt skeptisk til at Frimodig kyrkje skulle stille ei slik liste. Det er lett å sjå at dei kan vinne nokre mandat i Kyrkjemøtet og slik få ein talarstol til å fremje det dei står for. Men reint politisk vurdert kan ei slik liste vere det beste Åpen folkekirke kan tenke seg.
Då kan dei seie til sine veljarar, som elles kunne kome til å redusere engasjementet noko, no som deira store kampsak er vunne, at her gjeld det å stå på, for no kjem det motkrefter som vil reversere vedtaket om kjønnsnøytral vigsel.
Men det er den reint politiske vurderinga. Ingen kan vite korleis valet går på førehand. Kanskje er potensialet for Frimodig kyrkje større enn ein skulle tru. Men dette er ikkje det viktigaste.
Då Frimodig kyrkje (FK) vart stifta 21. mars 2017, innleia tidlegare generalsekretær i Normisjon, Rolf Kjøde. Han sa mellom anna dette: «Vi har lagt vekt på at FK ikkje skal vere eit kyrkjepolitisk kampnettverk. FK har ikkje posisjonering til kyrkjeval som mål. Vi treng eit heilt anna utgangspunkt.»
Det er ikkje utan videre slik at Frimodig kyrkje har forlate dette utgangspunktet når ein no vel å stille liste ved kyrkjevalet. Men det er større fare for at kyrkjepolitikken kjem til å ta større plass i merksemda til nettverket sine medlemar. Det er ikkje sikkert at det vil tene saka.
For reint politisk vurdert kan Åpen folkekirke framleis lene seg på støtte frå majoriteten av dei meir eller mindre passive kyrkjemedlemane. Dei treng berre overtyde nokre få av dei om å faktisk røysta ved kyrkjevalet når dei allereie er ute for å røyste ved kommune- og fylkestingsvalet. Kva kan då Frimodig kyrkje faktisk utrette?
Politikk har ein tendens til å krevje mykje krefter. Det kan skugge over alt anna. Ein kan bruke mykje energi på å bygge alliansar, på markeringar og posisjoneringar, på taktikk og strategi. Alt dette er legitimt i seg sjølv. Men er det slik bodskapen om namnet Jesus stadig skyt friske skot? Det er meir usikkert.
Det er ei misforståing at partipolitikk er den einaste, eller utan vidare den viktigaste veien til å utøve leiing. Det kyrkja treng, meir enn noko anna, er hjarte som vert sette i brann gjennom å møte den levande Jesus Kristus.
Ho treng menneske som vil leggje ned sitt eige for å følgje Meisteren. Det går an å leggje til rette for dette gjennom politiske vedtak, men det går ikkje an å vedta seg til omvending eller åndeleg fornying.
Den kyrkjepolitiske kampen trur eg Frimodig kyrje er dømd til å tape. Det tyder ikkje at det er til fånyttes å kjempe. Men det skal bli vanskeleg nok å få kandidatar til å stille på dei ulike listene rundt i landets elleve bispedøme.
Det går ikkje an å vedta seg til omvending eller åndeleg fornying.
Frimodig kyrkje sitt potensial ligg først og fremst i å vere eit samlingspunkt for åndeleg liv, i både glede og smerte. Dei kan vere eit nettverk for læresveinar på ein måte som ein politisk valliste aldri kan det.
Om noko kan vekke norske kristne, er det meir truleg at ei slik rørsle kan oppstå nedanfrå, frå menneske til menneske, enn gjennom eit statleg smurt politisk valsystem.
Eg har vore på nesten alle årskonferansane til Frimodig kyrkje. No på mandag fekk eg det privilegiet å snakke til deltakarane. Då takka eg dei for den tenesta dei har gjort og gjer for folk og kyrkje, for ein del av dei gjennom mange år og ofte i motvind.
Eg har alltid opplevd det inspirerande å vere på desse årskonferansene. Det gjorde eg også på mandag. Kyrkja er også ein politisk storleik, i alle slags kristne samanhengar. Men det er ikkje det kyrkja først og fremst er.
Ho er først og fremst eit levande vitne om at Jesus Kristus har stått opp frå dei døde, og om at han med si død og si oppstode viste oss kor høgt Gud elskar syndarar. Her finn vi kjelda til kyrkja sitt frimod.