| Debatt
Er han ikkje skrekkeleg lik?
PRESIDENT TRUMP: Det er vanskeleg, for å ikkje seia umogleg, å skriva desse linjer utan å tenkja på Donald Trump, skriv Oddvar Høgevoll.
Foto: Alex Brandon / AP / NTB
Når ein av og til studerer bilete av ein person, lat oss tenkja; ein mann, kjem spørsmålet: «Kven er det han liknar på? Minner ikkje det meg om NN?»
Dette innlegget gruer eg meg litt for å leggja ut på trykk i det offentlege rom. Men eg kjenner meg driven til det.
Vi lever i ei merkeleg tid. Mykje som hender som ein difor undrast over. Noko som ein lett kan bli redd av og uroleg for. Ikkje minst når stormaktene seg imellom, byrjar krangla og strida mot kvarandre. Og kriga. Det er for så vidt ikkje noko å undrast over.