Meninger
LANGSIKTIG: Byggjeleiaren sa at nå må me planta skog, for det trengst i arbeidet med å bygga kyrkja om 80 år. Sjølv ville han aldri få vera med på det, men han tenkte langsiktig, skriv Hårklau Ådnanes
.
Cornelius Poppe / NTB
Er me framtidsretta?
Dei siste åra har me i organisasjonen arbeidd med spørsmål omkring korleis me kan vera framtidsretta; ein organisasjon som gir «meir misjon» og «eit betre vi».
Av og til legg situasjonen seg til rette for å gjera ting på andre måtar. Me fornyar oss naturleg. Det kan vera effektiviseringstiltak i administrasjonen, men også at menneske får ny innsikt, draumar og kall. Nye initiativ veks fram, som når menneske med evangeliet.
Så treng me også i ein travel kvardag anledningar der me stoppa opp og stiller oss dei rette spørsmåla. Gir det me held på med frukt; kjem menneske til tru og blir dei gjort til disiplar? Er arbeidet berekraftig? Tenkjer me mest på oss sjølv, eller meir på heilskapen og Guds rikes arbeid? Å evaluera innimellom er viktig. Det er sagt at viss me ikkje fornyar oss sjølv 10 prosent kvart år, vil me enten døy ut, eller ein smertefull og omfattande endringsprosess vil tvinga seg fram.