Kommentar
ENGASJERT I TRANSDEBATTEN: Professor ved MF, Harald Hegstad meiner no at det ikkje er naturleg at kyrkja skal hevde klare oppfatninger «i omstridte medisinske eller juridiske spørsmål».
Herman Frantzen
Er teologien heilt hjelpelaus i møte med transdebatten?
Det er ikkje noko nytt å hevda at teologi er irrelevant og makteslaus i møte med moderne problemstillingar. Det er likevel oppsiktsvekkjande at ein erfaren teolog ser ut til å meina det same.
Professor ved MF, Harald Hegstad tek eit nytt oppgjer med tradisjonelt orientert teologi i innlegget «Kirken og transdebatten» (vl 21/9). Hegstads ønske om å imøtekomma sårbare menneske som opplever ulike utfordringar knytt til kjønnsidentitet, ser ut til å spela svært mange andre omsyn heilt utover sidelinja.
Det må seiast å vera svært oppsiktsvekkjande når ein teologiprofessor ikkje ser det «som naturlig at kirken skal hevde klare oppfatninger i omstridte medisinske eller juridiske spørsmål». Påstanden har dessutan svært omfattande implikasjonar.
Harald Hegstad grunngir tankegangen med å slå fast at i spørsmål om kjønn, transseksualitet og forholdet mellom kjønn og biologi har kyrkja ikkje nokon «privilegert kunnskap».