Debatt
Er våre leiarar vakne?
Det var Paulus, Herrens apostel, som skreiv til kyrkjelyden i Rom: «Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne» (Rom 12,1–2).
«Med Guds ord til folket» eller «Verden for Kristus», mottoa til høvesvis Indremisjonsforbundet (Imf) og Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), skulle borge for eit sunt og godt leiarskap, sjølv i vår tid, som er så full av forførande røyster.
Eg har førti år som omreisande «emissær» bak meg i NLM. Og, ja, det var ikkje alltid eg var like begeistra av engasjement og vegval i tidlegare tider i misjonen. No skal ein ikkje åndeleggjera alt. Vi er ulike og kan ut ifrå det ha ulike syn kva nytte er i misjonsarbeidet.
Men eg må verkeleg seia at eg mest får «hakeslepp» når eg les i Dagen at ungdomsflokken i Misjonssambandet og Vestlandske Indremisjonsforbund arrangerer «Swingkurs» på UL!
Ein må, med respekt å melda, undrast på kva slikt har å gjera på eit ungdomsarrangement, der mottoet er «Verden for Kristus» og «Med Guds ord til folket». Eg trudde mest at det var vove inn i tankane til flokken på UL, at no gjeld det som kanskje aldri før, det Jesus seier i Bergpreika (Matt 6): «Søk først Guds rike og hans rettferd», som er noko heilt anna enn å dansa swing!
Eg kan ikkje dy meg i denne forvirrande tid å stilla spørsmålet: Er kristne leiarar vakne? Dei som er sette til å rettleia ungdomane våre i ei tid som denne, når det gjeld kva som tener Guds store sak. Er dei sovna? Eller er dei «gått av vakt»?
Apostelen Paulus ord til Timoteus, sin unge ven og medarbeidar, er på sin plass (2 Tim 4,5): «Men du skal vera edru i alt det du gjer! Ber lidingane, gjer evangelistens gjerning og fullfør di teneste!»