Debatt
SWING PÅ UL: Eg må verkeleg seia at eg mest får «hakeslepp» når eg les i Dagen at ungdomsflokken i Misjonssambandet og Vestlandske Indremisjonsforbund arrangerer «Swingkurs» på UL, skriv Oddvar Høgevoll.
Gerd Vårin Emmerhoff-Sæther
Er våre leiarar vakne?
Det var Paulus, Herrens apostel, som skreiv til kyrkjelyden i Rom: «Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne» (Rom 12,1–2).
«Med Guds ord til folket» eller «Verden for Kristus», mottoa til høvesvis Indremisjonsforbundet (Imf) og Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), skulle borge for eit sunt og godt leiarskap, sjølv i vår tid, som er så full av forførande røyster.
Eg har førti år som omreisande «emissær» bak meg i NLM. Og, ja, det var ikkje alltid eg var like begeistra av engasjement og vegval i tidlegare tider i misjonen. No skal ein ikkje åndeleggjera alt. Vi er ulike og kan ut ifrå det ha ulike syn kva nytte er i misjonsarbeidet.