Meninger

PERSPEKTIV: Uansett kor vi er, kjem Gud til oss og spør om vi er på rett plass, skriv Erling Thu.

Erling Thu: Kva gjer du her?

Publisert Sist oppdatert

Historia om profeten Elia i 1 Kong 18–19 har noko å læra oss. Elia hadde stått på Karmelfjellet og proklamert at den Gud som svarer med eld, han er Gud. Folket vende om og Baal-profetane vart utrydda, men den vonde Jesabel truga han på livet. Han vart redd og gøymde seg i ei hole. Han var trøytt av å kjempa og stå mot presset frå den falske gudsdyrkinga.

Då kom Gud til han og stilte han eit spørsmål, som blir forma på ulike måtar i bibelomsetjingane, men som også er høgaktuelt for oss i dag:

Kva gjer du her? Kvifor er du her? Kva vil du her?

Det er menneskeleg å bli trøytt av å kjempa. Motstanden mot Guds lov og ordningar i samfunnet er overveldande. Trugsmåla frå både den religiøse og sekulære majoriteten kan verka skremmande på oss som vil halda fast på klassisk kristen tru og moral. Det kan vera freistande å trekkja seg tilbake og gøyma seg på bedehuset eller i vår koselege huskyrkje. Vi kan sjølvsagt også gøyma oss i vår eigen heim eller i karrieren vår.

Uansett kor vi er, kjem Gud til oss og spør om vi er på rett plass. Veit vi kvifor vi er der vi er? Får frykta oss til å gøyma oss, eller er vi klare for nye oppdrag frå Gud i den tida vi lever i?

ERLING THU: Forkynnar i Kristent Nettverk.

Det er ein kristen grunntanke at Gud har plassert oss der vi er for ein hensikt og at vi står ansvarlege for Gud for heile livet vårt. Difor er det rett å stadig spørja om vi er på rett plass. Er vi der Gud vil vi skal vera? Gjer vi det Gud vil vi skal gjera? Er vi på rett plass i relasjonen vår til Gud? Lever vi i rette relasjonar i det kristne fellesskapet? Er vi på rett plass i relasjonane våre til folk rundt oss i samfunnet?

Kvifor er du her og ikkje ein annan plass? Kva gjer du der du er no? Gøymer du deg eller er du i kampmodus? Kva vil du eigentleg i nabolaget ditt? Har du ein visjon for kristen misjon på jobben eller på studieplassen din? Har du eit oppdrag frå Gud i det kristne fellesskapet der du er? Kva gjer du i vennekretsen din? Er vi på alle desse stadene for å tena Gud eller oss sjølve? Vi treng alle å stoppa opp i kvardagen vår, som så lett kan fly forbi oss, og be Gud gje oss sitt perspektiv på kvifor han har plassert oss akkurat der han har sett oss.

Profeten Elia hadde vist brennande iver for Herren, men hadde vorte motlaus og redd, og difor trekte han seg unna og gøymde seg. Det er lett for oss å gjera det same. Heldigvis slepp ikkje Herren oss om vi held på å gje opp. Han kjem i kjærleik med sine spørsmål for å minna oss på at han har nye oppdrag for oss. Vi er viktige for han og kan gje slepp på motløyse og frykt, for han elskar oss.

Kva gjer vi her? Kvifor er vi her? Kva vil vi her?

Må svaret vårt vera at vi er her for å tena Guds plan i heile vår levetid!

Powered by Labrador CMS