Debatt
CHRISTIAN LOMSDALEN: Leder av Human-Etisk Forbund.
Bjørn Olav Hammerstad
Etisk livssyn?
I svar på min artikkel 15. mai («Seglar Human-Etisk Forbund under falskt flagg?») nemner Christian Lomsdalen mellom anna at Human-Etisk Forbund er eit livssynssamfunn, som etablerer ritar, er ein sosial arena og kjempar for sin del av privilegiekaka. Jau, det er greitt nok.
Men viss namnet seier sant, er det ikkje dette, men etikk, som er det konstituerande. Og derfor spør eg: Kvifor er dei ikkje meir proaktive og modige i etiske spørsmål?
I Dagen 15. mai utvidar Lomsdalen min etikkdefinisjon med ei fyldigare og meir positiv vinkling. Gjerne det. Men også da vil ein etikar ofte måtte rettleie på ein måte som kan snevre inn personleg fridom.