Etter landsmøtet - kva så?
I dagens kyrkjelandskap er «vedkjenning» kanskje ikkje det klareste uttrykket.
Det har komme ein del reaksjonar etter det som skjedde på KrF sitt landsmøte. Festkvelden med dei gode intensjonane drukna i nokre uheldige episodar som ingen i partiet eigentleg kan lastast for. Det var heller ikkje vondt meint frå artisten.
Det er all grunn til å la dette vera historie og ta lærdommen med seg.
Viktigare er det som skjedde rundt vedkjenningsparagrafen og ideologikapitlet. I den saka har eg registrert at fleire media og kommentarar har fokusert på meg. Somme gjev meg ros for det eg la fram frå Hordaland både i prosessen og i sjølve møtet omkring ideologikapitlet.