| Debatt
EU er ikkje løysinga for Noreg
EU-STATAR: Eg har ikkje tru på at ei utvikling mot Europas føderale statar vil styrkje verken dei vestlege demokratia eller kvardagen til folk, skriv Trygve Slagsvold Vedum.
Foto: Senterpartiet
Den aukande stormaktsrivaliseringa er ikkje bra, men det byggjer ikkje vestlege demokratiske verdiar å flytte makt frå Stortinget til Brussel. Vi har eit sterkt verdifellesskap med dei nordiske nabolanda våre, Storbritannia og andre europeiske demokrati, sjølv om vi ikkje er medlem av EU.
Norsk energipolitikk, pengepolitikk, matpolitikk og utanrikspolitikk er ikkje særinteresser. Desse områda, som det norske folket sa ja til skulle styrast frå Noreg i 1972 og 1994, er tvert imot grunnleggjande for utviklinga av heile landet. Den norske sjølvråderetten legg grunnlaget for tusenvis av arbeidsplassar.
Verdifellesskapet med Storbritannia er sterkt etter Brexit