Debatt

VITSKAP: Holm hoppar bukk over (...) det som gjeld «informasjon» og som avgjer kva art eller slag ein tilhøyrer og som er avgrensa til arten, og som det er umogleg for mennesket å skaffa fram.

Evolusjonslæra og Gud

Publisert Sist oppdatert

Takk til professor Sverre Holm for eit venleg svar (Dagen 8/3) til min relativt kritiske artikkel 2. mars. Det er likevel slik at Holm i svært liten grad tek opp mine hovudpoeng, eller kort og godt går forbi dei.

Eg har forstått intensjonen med Holm si bok «Den innbilte konflikten», og eg sluttar meg altså til det prinsipielle i forståinga av forholdet mellom naturvitskap og Gud, og meiner Holm på det generelle planet har gjort eit godt arbeid.

Problemet oppstår når ein kjem til spørsmålet om evolusjonslæra og Gud, og slik er det nesten alltid når dette spørsmålet vert drøfta. Det har både med korleis ein forstår evolusjonslæra og korleis ein forstår bibelsk skapingslære.

Holm vil halda desse to «lærene» saman på ein måte som eg finn svært problematisk, både når ein ser det ut frå evolusjonstenkinga og ut frå ei teologisk forståing av skapinga.

Holm seier at det er «utenkelig for meg å si at nydarwinismen tar feil». Med det har han definert seg som evolusjonist, samstundes som han trur på Bibelens Gud. Han er altså ikkje naturalist eller materialist, og har med det ikkje det som utgangspunkt i si vitskaplege tenking.

Han meiner det er mykje naturvitskapen ikkje kan forklara, og kanskje aldri vert i stand til å forklara, og han har mange kritiske merknader til evolusjonslæra – ja, så mange og så sterke innvendingar at det er påfallande at han endar opp med forsvar for nydarwinismen.

Holm meiner hans oppfatning av evolusjonslæra er meir i samsvar med rådande vitskapleg oppfatning enn eg vil ha det til. Det tviler eg på. Holm viser til at evolusjonslæra ikkje kan forklara korleis livet vart til og kva meininga med livet er, og at det er evolusjonistar samde i.

Det er nok rett når det gjeld indre vitskaplege krinsar, men i den populære framstillinga i lærebøker, vert dette ofte uklart, ved at det vert vist til at livet oppstod i ei eller anna form for «ursuppe» – eller på anna vis, og at det er starten på evolusjonen. Livets start og evolusjon vert med det knytt saman, faktisk nokså organisk.

Men burde ikkje det at evolusjon kjem til kort når det gjeld det fundamentale med tanke på opphavet til livet og meininga med livet, tilseia at evolusjon som (livs)prinsipp er feil, ikkje berre mangelfull?

Dessutan er død og liding innebygd som ei føresetnad i evolusjonen si livsutvikling, og det er i strid med bibelsk skapingslære, som seier at død og liding er påført eit fullkomme skaparverk ved djevel og syndefall, og skal vera borte på den nye jorda.

Gud kan ikkje behandlast rett utan teologi, elles vert Gud omtolka og skapt i naturvitskapens bilete.

Holm hoppar bukk over det eg påpeikar at i boka nesten er fråverande, nemleg det som gjeld «informasjon» og som avgjer kva art eller slag ein tilhøyrer og som er avgrensa til arten, og som det er umogleg for mennesket å skaffa fram.

Ein har heller ikkje noko døme på at naturen eller evolusjonen har frambrakt slik informasjon. Ein legg berre til grunn at det har skjedd, og ein «forklarer» det med dei mange milliardar år. Burde ikkje dette for ein naturvitskapsmann tala i retning av at evolusjonsteorien er feil, eller i det minste svært dårleg fundert?

Holm omtalar seg som amatør innan teologi, og han seier at teologien er i boka tona ned, og at den kan stå fram som litt vag. Dette er påfallande i ei bok som har ordet «Gud» i undertittelen parallelt med ordet «naturvitskap». Gud kan ikkje behandlast rett utan teologi, elles vert Gud omtolka og skapt i naturvitskapens bilete, og det ville vera i strid med Holms posisjon og intensjon.

I utgangspunktet var vel Holm også amatør innan filosofi, men som han har tileigna seg store kunnskapar der, kunne han også ha gjort det innan teologi.

Holm fører inn Gud som «forklaring» på evolusjonen, anten som styrt eller planlagt evolusjon. Det er med dette eg primært meiner han framstiller ei evolusjonslære som er i strid med rådande oppfatning i naturvitskapen og i lærebøkene – og i strid med slik skapinga og oppretthaldninga er omtalt i Bibelen.

Den rådande oppfatninga av evolusjonen er naturalistisk og materialistisk, og med det vert Holm lite til hjelp i møte med den faktiske situasjonen på området, trass i at han gjev god hjelp på det overordna planet når det gjeld naturvitskap og Gud.

Holm tek avståande frå ID-tenkinga, og sidan det er ein vitskapleg posisjon, kan han gjera det på naturvitskaplege premissar. Ung jord-kreasjonisme er derimot primært ein teologisk posisjon, og skal ein då avvisa denne, må ein gjera det på teologiske premissar. Det gjer ikkje Holm, han held seg til naturvitskapen. Derimot avviser ikkje Holm den evolusjonistiske posisjonen som Bjørn Are Davidsen (og Atle Ottesen Søvik) står for, og som har innebygd store teologiske konsekvensar.

Det eg ofte saknar i debattar som denne, er forståinga av Bibelen som openberring, og som med det gjer innhaldet i Skrifta uavhengig av ulike verdsbilete og tidsepokar. Det er misvisande å seia at Bibelen er «tilpassa» sin tids verdsbilete, fordi Bibelen er skriven slik at han «passar inn» til alle tider og i alle kulturar.

For å få tak i den naturlege eller litterære forståinga av tekstane, kan kjennskap til språk og kultur vera ei hjelp, men eg registrerer at Holm hoppar over det som gjeld jødisk og hebraisk forståing av skapingsfortellinga og ættetavlene.

Det overraskar meg at ein professor brukar eit så banalt argument som at Bibelen seier at sola står opp og går ned. Det gjer jo alle menneske til alle tider, og det står også på yr.no. Korleis skulle ein elles formulera seg i daglegtalen?

Powered by Labrador CMS