Debatt
Faktabasert vitskap
Eg får køyr av Kjell Arne Norum for å kalla dagens klimapolitikk for usann vitskap.
Det hadde vore rettare å skriva faktabasert vitskap, for der står «et overveldende flertall av verdens klimaforskere» til stryk.
Ibsen og Kierkegaard hevdar at: «Minoriteten har alltid rett» og «Sannheten fins i minoriteten». Sanning og fakta kan ikkje avgjerast med fleirtalsvedtak.
Klimaforskarane er ikkje i tråd med fakta på bakken. Dei set opp sine klimamodellar i samsvar med det ynskte resultat – som alle må godta. Men erfaringa viser at desse modellane fort går ut på dato og må skrotast. Nye modellar vert bygd opp og forska etter.
Klimaforskarane hevda at snøen på Kilimanjaro skulle vera borte før 2010, og havnivået stiga med ein meter. Med Al Gore som profet sette det klimahysteriet i gong.
Seinare har alle vêrteikn og større variasjonar blitt nytta til å underbyggja teorien om jordoppvarming: Normale hetebølgjer, kuldebølgjer, flaum, tørke, skogbrann og issmelting er «klimaendringar». Men dette er tendensiøst og ikkje vitskapeleg fundert. Det er normale vêrvariasjonar.
Temperaturmålingar, Co₂-verdiar og utslag av den, som ikkje samsvarar med dagens modell, blir haldne tilbake.
Eit musepip mot denne kompakte klimaforskinga er klimarealistane. Hjå dei finn ein vitskapeleg faktastoff som viser at menneskeskapt CO₂- utslepp motseier: «Alle disse hevder at den globale temperaturøkningen i hovedsak er menneskeskapt.»
Men dette er ei ideologisk/politisk boble som vil bresta – når fakta på bakken vert synleg for alle.