Kommentar
EIN FARFAR I LiVET: Odd Nordstoga sin moderne klassikar nynnar folk gjerne med på. Men kva kår har i grunnen sjølvsagde ord som farfar og far i ei kjønnsnøytral tid?
hans fredrik asbjørnsen/NPK
Farsdag: Fest eller fy-ord i ei kjønnsnøytral tid?
Det står ikkje i Bibelen at vi skal heidra foreldra våre. Nei, «heidra far din og mor di», heiter det i det fjerde bodet. Slik sett passar det godt å ha ein eigen dag for far. Men er vi komne dit at ein fredeleg farsdag nærast er blitt kontroversiell?
«Ein farfar i livet sku alle ha» syng den folkekjære artisten Odd Nordstoga. Men er det framleis lov å seia det same om ein far? Det passerer kanskje aller nådigast om det er tonesett og sveipt i vakker Vinje-dialekt?
I offentleg ordskifte er det ikkje god tone i alle fall. Nytale om kjønn kvernar ut frå akademiske institusjonar også her til lands. Nyleg såg eg reklame for eit studium ved Universitetet i Agder som heiter «Kjønnsmangfold og seksuelt mangfald». Profesjonalitet, kompetanse og fagleg arbeid ligg bak, vert det sagt.
Men fjernt frå det dei fleste erfarer. Å kassera kjønnsspesifikke ord er ein ide så dårleg at han må vera unnfanga i eit miljø fritt for vanlege folk.