Synspunkt
INDRE FIENDAR: Det går iskaldt nedetter ryggane våre. No skal den desperate Putin gå knallhardt også etter «indre fiendar», skriv Johannes Morken.
Alexei Nikolsky / AP / NTB
Fascisten Vladimir Putin
Vladimir Putin som hevdar at han skal «avnazifisera» Ukraina, brukar metodar og retorikk som vi kjenner frå Adolf Hitler. Dette er i ferd med å bli eit fascistisk skrekkregime.
Russlands president Vladimir Putin stempla onsdag kritikarar av overfallet på Ukraina som «forrædarar», «femtekolonnistar» og «avskum». Putin tordna mot «insekt som det russiske folket vil spytta ut av munnen».
Det går iskaldt nedetter ryggane våre. No skal den desperate Putin gå knallhardt også etter «indre fiendar». For Hitler handla alt om å verna «det ariske folket». No viser Putin brutalitet for å verna den patriotiske delen av det russiske folket. Dette er moderne fascisme.
I VG påpeikar Kjetil Raknes at nasjonalisme er lov, men at retorikken til Putin er prega av ei førestilling om at den russiske nasjonen berre høyrer til ei viss gruppe. Putin har teke til orde for ei nasjonal reinsing for å kvitta seg med dei «upatriotiske».