For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Kronikk

TRUSFRIDOM?: På vesle julaftan vedtok parlamentet i nok ein delstat – Karnataka – ei lov som kriminaliserer konverteringar frå hinduisme til kristen tru, skriv Johannes Morken. Her er indiske kristne samla utafor ei kyrkje etter å ha delteke i ei julemesse i Gauhati, India, 25. desember 2021.

Feira jul i frykt

Medan vi feira jula i fred, feira kristne i fleire av Indias delstatar høgtida i frykt for hindunasjonalistiske valdskrefter.

Publisert

Ein serie julefeiringar vart saboterte, fleire statuar av Jesus vart smadra og nissedrakter vart brende. Hindunasjonalistiske grupper påsto at kristne brukte julehøgtida til med tvang å konvertera hinduar, melder The Guardian. I år var omfanget av angrep endå større enn i tidlegare julefeiringar.

På vesle julaftan vedtok parlamentet i nok ein delstat – Karnataka – ei lov som kriminaliserer konverteringar frå hinduisme til kristen tru.

Før lova vert endeleg vedteken, må ho gjennom Overhuset. Der har det hindunasjonalistiske partiet BJP – som regjerer både India og Karnataka – ikkje fleirtal. Difor kan det henda at delstatsregjeringa set lova ut i livet som ei mellombels lov, i håp om at BJP får fleirtal i Overhuset etter neste val og då kan vedta lova som permanent.

Powered by Labrador CMS