Debatt
FELLESKYRKJELEG KARAKTER: Vi har fått den paradoksale situasjonen at det gjerne er folk frå romersk-katolsk og ortodoks hald ein lyttar til, skriver Johannes Kleppa. Her fra St. Olav domkirke i Oslo.
Marta Wade
Felleskyrkjeleg, katolsk, ortodoks og evangelisk
Det kan vera fleire grunnar for at det tverrkyrkjelege står sterkare no enn for kort tid sidan.
Det felleskyrkjelege og tverrkyrkjelege står sterkare i dag enn for ein generasjon sidan. Det går til ei viss grad også på tvers av det katolske og ortodokse på den eine sida og det lutherske og evangeliske på den andre sida. Særleg dette siste er eit nytt trekk, og det kan fortena nokre refleksjonar. Det kan vera fleire grunnar for at det tverrkyrkjelege står sterkare no enn for kort tid sidan.
Det eine kan vera at ein kort og godt legg større vekt på det felleskyrkjelege i læra enn ein gjorde før, altså at ein i større grad orienterer seg ut frå den oldkyrkjelege vedkjenninga som er allmennkristeleg. Det kan også vera at ein legg meir vekt på å praktisera Jesu ord om kristen einskap som vitnemål for verda. Alt dette er i og for seg bra, men alt er ikkje sagt med det.
Det andre kan vera at ein rett og slett legg mindre vekt på læra enn ein gjorde før. I så fall legg ein ikkje større vekt på dei oldkyrkjelege vedkjenningsskriftene, men ein legg mindre vekt på dei ulike kyrkjesamfunna si lære og sine vedkjenningsskrift, og med det tonar ein ned det konfesjonelle.