Fem gåver å vurdera til jul
Den boka som har gjort mest inntrykk på meg i år er «Opp, mi sjel, for Herren kved», Hallgrímur Péturssons pasjonssalmar gjendikta av Arve Brunvoll. Denne boka er aktuell både til advent, jul og fastetid.
Her kan du lese flere anmeldelser fra bokåret 2015
Som bokmeldar i Dagen har eg plukka ut fire bøker, i svært ulike sjangrar og prisklassar – og målgrupper! – som mine råd om fornuftige bokgåver til jul. Og så avsluttar eg med å skriva kva bok, av alle dei eg har meldt siste året, som gjorde størst inntrykk på meg. Den vil då toppa lista.
Flatøybok 2
Vi startar ut med ei av dei mest påkosta og gjennomførte bøkene denne hausten: Flatøybok. Dette er ei gåve til den som vil ha noko spesielt, og som ikkje vert ferdig med gåva så snøgt! På slutten av 1300-talet blei dette flottaste og største sagaverket på Island sidan Snorre Sturlason skapt. Verket skulle gjevast til den norske kongen, Olav IV. Han var då berre 17 år gamal, og tanken bak var at innhaldet i boka skulle gjera sitt til å utdanna og danna han som konge, i medvit om og med forankring i norsk kongehistorie attende til dei eldste tider.
Det første bandet kom i fjor, så dersom du vil toppa gåva, kan også dét takast med. Dette bandet teikna eit vidsveipt bilete av skapinga av Noreg, opphavsmytene om landet og om jomsvikingane. Det siste bandet gjev lesaren innsyn i det dramatiske tidsskiftet då Olav Tryggvason og Olav den heilage kjempa for å overtyda folket om at dei måtte venda seg bort frå si gamle tru - og det var ikkje alltid så enkelt å få til! Hardnakka tradisjonar om at Olav Tryggvason fekk si endelikt i eit kloster i Syria, syner kva ideologisk rolle historia spela. I dette bandet les vi også forteljinga om oppdaginga av Vinland, og vi får ei grundig innføring i norrøn kultur, tru og liv.
Bøkene er skrivne i ei slags høgtideleg skaldemål - på bokmål. Ei rekkje granskarar har arbeidd med prosjektet i lang tid, og ingen ringare enn statsoverhovuda i Island og Noreg har gjeve påteikning.
Flatøybok (i begge banda) er ein skatt å eiga, god å halda i og lett å lesa. Målgruppe: alle historieinteresserte menneske.
Lillevik Tidende
Journalist og forfatter Jarle Kallestad er kommet til bok nr. fem om de unge detektivene bak avisa Lillevik Tidende. De tre har en variert bakgrunn, familie- og trosmessig. Det er et flott grep, fordi det utgjør et troverdig tablå for en smidig og aktuell samtidskommentar - plassert i de unges mer eller mindre snusfornuftige refleksjoner.
Det er sommer, og redaksjonen i Lillevik Tidende - som fortsatt holder før-konfirmasjons-alder - har ferie. Hovedpersonen/fortellerstemmen «KG» er i Roma når han plutselig får en dramatisk sms om at altertavla i Lillevik kirke er stjålet. Men hvem kan finne på å gjøre noe sånt? Og hvorfor? Flere nye innbyggere i Lillevik oppfører seg merkelig, og dramatikken topper seg når Markus blir tatt til fange av et par bryske karer.
Mer komplisert
Mitt test-panel mener at dette er den beste boka i serien. Den har et plott som er mer komplisert enn i tidligere bøker. Boka gir en herlig smak av en ung-verden der små bekymringer er store, men der spenningen likevel foregår i en uskyldighets atmosfære som kan få oss til å huske vår barndoms grønne dal. Og vi lever i spenning om hva som vil skje med trekløveret når forholdet mellom KG og Malin slår uti full forelskelse!
Det er å håpe at Kallestad sine bøker må nå ut til store barn/unge (12-15), også utenfor kristne kretser!
Spennende og viktig
«Gutten som lurte Gestapo» av Harald Utter. Denne boka er tidvis spennende som ei krim-bok. Den er dessuten viktig, fordi den er fortalt av et tidsvitne som fram til nå har tiet i hele sitt liv. Det har han gjort fordi det lå et løfte bak, og – med Utters ord – fordi han ikke har villet framheve seg selv. Det har vært avgjørende for at han nå løfter litt på fortidas lokk, at han på den måten også kan korrigere feil informasjon – villet og uvillet.
Helten heter Øistein Erlingssønn Guderud, som 16-åring en bråmoden gymnasiast fra en velstående slekt på beste vestkant. Øistein, nå 91 år gammel, kjente på et voldsomt kall – jeg kommer ikke på et bedre ord – til å kjempe mot okkupasjonsmakten. Historien er eventyrlig: Som ung gutt tenkte han ut en plan, en strategi og et sikkerhetssystem, som skulle vise seg å fungere i samtlige krigsår. Rekruttering og utvelgelseskriterier for medarbeidere, som også omfattet deres psyke og natur, ble fulgt, i et opplegg der få skulle kjenne til hvem de samarbeidet med og rapporterte til.
Et monument
Forfatter Harald Utter gir oss utallige historier i selve historien. Det er sårt å lese om hovedpersonens forgjeves forsøk på å redde familien Benkow fra gasskammeret.
For Guderud var det speiderbevegelsens idealer: pålitelighet, pliktoppfyllelse og integritet, som mante ham til dåd. Det er et bonuspoeng, fordi vi nylig nok en gang har blitt minnet om at speiderbevegelsens affinitet til uniformer og idealisme også kunne føre folk i en helt annen retning.
Jeg sier meg enig med Arnfinn Moland ved Norges Hjemmefrontmuseum som har uttalt at denne boka er et monument over selve Milorg-sjelen. Samtidig slår det meg hvor uhyre omfattende motstanden mot den tyske okkupasjonen og nasjonalsosialismen var. Når kampen på ett avsnitt skildres, blir de store hendelsene som i tid skjedde helt parallelt, bare parentetisk, om i det hele tatt, omtalt. Anbefales!
Ein godtepose
«Et liv ute» av Andreas og Elise Theoline Skagøy. Denne boka er ein godtepose for friluftsentusiastar, og for slike som drøymer om å bli det. Vi blir kjent med eit ungt nygift par frå Vestlandet som satsar alt på draumen om å ta eit heilt år ute. Dei kuttar band, men held kontakten, og realiserer draumen, men etter eit opplegg som gjer det mulig for andre å gjera noko av det same, men i eit mindre omfang. Ekteparet Skagøy sitt år føregjekk i etappar, der dei både får prøva Dovrefjell, Finnmarksvidda, indre Troms, Lyngen, Vesterålen og Nord-Sverige. Dermed får vi innblikk i svært varierte røynsler, somme av dei slett ikkje ufarlege. Men alle fortalt med ein djup kjærleik til skaparverket og alt det rommar.
Dei to også ivrige jegrar og fiskarar. Det å hausta av naturen undervegs, fyller det unge ekteparet med takksemd, og er i seg sjølv ein grunnleggjande verdi ved utelivet.
Elise Theoline og Andreas Skagøy gir eit svært så positivt inntrykk undervegs. Det er ein fryd å merka korleis dei ikkje berre nyt å vera i naturen, men også å vera nær kvarandre og få dela opplevingane. Det er eit kristent perspektiv på liv og skaparverk dei representerer. Fleire stader høyrer vi ein slags etterklang av Salme 8 i Det gamle testamente.
Boka er smekkfull av gode bilete. Forteljarstemmen er både var og poetisk, ofte slik at vi gled oss over ordvalet. På den andre sida er det synd at dei ikkje gjorde seg meir umake med korrekturen. Det er litt for mange elementære, grammatiske feil. Vonleg ikkje til like stor sjenanse for alle... «Et liv ute» blir ein garantert vinnar under juletreet!
I rikskringkastinga
Den boka som har gjort mest inntrykk på meg i år er «Opp, mi sjel, for Herren kved», Hallgrímur Péturssons pasjonssalmar gjendikta av Arve Brunvoll. Denne boka er aktuell både til advent, jul og fastetid. Frå bokmeldinga tek meg med: «Hos oss har vi teke boka i bruk, éin salme – 50 salmar i alt – for kvar dag i førebuinga til påsken. Boka har gripe oss!»
Vi har ingenting i Noreg som kan samanliknast med den status desse pasjonssalmane har på Island. Der óg les dei ein av desse salmane kvar dag i fastetida – i rikskringkastinga. Det er ei ære å verta spurd om å lesa dei, og måten oppgåva vert løyst på er allment samtaletema! Den stolte Hallgrimskirkja som trunar over Reykjavik, med Leif Eiriksson speidande mot vest utanfor, er eitt av mange synlege vitemål om arven frå Hallgrim.
Kven var Hallgrímur Pétursson? Levetida hans var frå 1614-1674. Livet vart både eit eventyr og eit mareritt, og det er uråd å referera mykje her. Men lesaren kan gleda seg til å lesa det instruktive føreordet i boka, som tidlegare biskop Karl Sigurbjörnsson har skrive. Sikkert er det at Hallgrim var prøvd som i eld. Kanskje var det den grufulle sorga over å misse dottera Steinunn, tre år gamal, som forløyste denne innlevinga i Jesu liding og død, og som mest 400 år seinare framleis er det islandske folket si eige. Mange, svært mange, kan desse salmane utanatt.
Ikkje i stil med innhaldet
Under lesinga må vi stogga stundom, ta opp att og smaka på det vi les. Orda, som vart til ved ein stein, stor nok til at Hallgrim fann livd for alle vindar medan han tenkte og skreiv, tek tak i oss.
Frå tid til anna kjem det påkosta utgåver av gamle soger i den felles nordiske kulturskatten, som til dømes Flatøybok. Det er årelange prosjekt for ei mengd fagfolk, med føreord av kongar og presidentar. Til samanlikning: Hallgrimurs/Brunvolls bok er i ei enkel, hefta utgåve. Det står ikkje i stil med innhaldet. Til gjengjeld kan ho bli allemanns eige. God jul!