Kommentar

MOSTER: Gudstenesta var eit naturleg høydepunkt i jubileumsfeiringa.

Festgudsteneste med bøn om at alle barn skal få del i kristen tru

Publisert Sist oppdatert

Søndag var det festgudsteneste i Moster amfi. Og fest var det verkeleg. Gudstenesta starta i den nesten tusen år gamle kyrkja like ved amfiet.

Der stod Bjørgvin-biskop Ragnhild Jepsen saman med generalsekretær Erhard Hermansen i Norges Kristne Råd og den katolske biskop Erik Varden i Trondheim. Det er ikkje kvardagskost at protestantiske og katolske kyrkjeleiarar tek del i gudsteneste saman, så det var i seg sjølv eit fint syn å sjå.

Ragnhild Jepsen hadde ei sentral rolle gjennom heile gudstenesta. Og ho har vore oppteken av kristenretten lenge, også før ho kom til Bjørgvin. På kyrkjemøtet i fjor sa ho: «Lat oss bruke jubileumsåret til å setje på dagsorden korleis vi kan vitne om trua på den miskunnsame og rettferdige Kongen som vår kyrkje vedkjenner seg til, og verne om menneskets rettar og verd!»

MOSTER: Leiarar frå både Den norske kyrkja, andre norske og internasjonale kyrkjesamfunn tok del i festgudstenesta.

No er vi der. Jubileumsveka nådde sitt høgdepunkt i festgudstenesta søndag.

Og Ragnhild Jepsen minna både dei som var til stades i amfiet, og dei som følgde gudstenesta via tv og radio om noko av det som skjedde då kristenretten vart innført.

Gjennom trua på Gud, sa ho, kom også medvitet om at vi alle er del av Guds skaparverk. Dermed har vi alle del i det gudgitte menneskeverdet. Dette, sa Jepsen, skulle i dei kommande hundreåra gi heilt konkrete rammer for korleis vi skulle leve, om vi er rik eller fattig, uavhengig av kva etternamn eller kjønn vi har.

Det er også eit sjølvstendig poeng at gudstenesta føregjekk på nynorsk, som eit uttrykk for at dette også er ein del av det norske, i tillegg til at mellom andre Jepsen også snakka samisk i deler av liturgien. Dette heng saman med den tenkinga som tusenårsjubileet handlar om.

I amfiet laurdag, med både kronprinsparet, statsministeren, stortingspresidenten og store deler av den kyrkjelege leiarskapen i landet til stades, fekk vi synleggjort noko av kva som er annleis i samfunnet vårt som følgje av kristenretten.

Ein av dei unge programleiarane spurde professor Jørn Øyrehagen Sunde, truleg vår fremste ekspert på dei rettshistoriske verknadane av kristenretten, korleis livet hennar ville vore annleis om ho vart fødd for tusen år sidan.

Sunde svara at for det første ville livet hennar vore meir usikkert fordi ho som jente hadde større risiko for å verte sett ut i skogen for å døy. Dernest ville ho hatt liten innverknad på kven ho skulle gifte seg med. Og ho ville verte sett på som arbeidsfør frå ho fylte seks år.

Mykje er annleis i 2024, kan vi trygt seie. Og ikkje alt handlar om at Noreg vart eit kristent land. Det er heller ikkje slik at kristninga alltid fann stad i tråd med Kristi sinnelag.

AMFI: Eit fullsett Moster amfi tok del i festgudstenesta.

Men Ragnhild Jepsen hadde likevel dekning for orda sine då ho byrja preika med å seie at «vi er på heilag grunn». Det handla både om dei mange menneska som gjennom åra har lagt igjen både bøner og tårer på denne staden, og om verknaden av at evangeliet om Jesu kjærleik får vere levande mellom oss.

Biskopen gjorde så ein interessant og tankevekkjande kopling mellom likninga om den barmhjertige samaritan og Henrik Ibsens forteljing om Peer Gynt. Medan den barmhjertige samaritan gjorde kjærleiken levande mot alle odds, var Peer ein som «gjennom livet aldri har tatt den andre på alvor.»

Etterfølging av Kristus, sa biskopen, inneber «i sitt inste vesen å ikkje vere redd for å vere der liding er. Å følgje etter Kristus er å vere den svakaste sin forsvarar.

Dette fekk også fekk også ein overbygning då Jepsen understreka at i eit kristent samfunn gjeld ikkje den sterkaste sin rett, her er det rettferd som skal gjelde.

Lat oss vere vitne, sa ho, om von og Kristus-kjærleik, så menneske kan komme til tru, og kanskje så dei også «med oppriktig undring og glede» kan seie at «Gud er her på denne staden, og eg visste det ikkje.»

Barneperspektivet som blei løfta fram laurdag ettermiddag kom også tydeleg fram i gudstenesta søndag. Hele forsamlinga song Torbjørn Egners «Eg faldar mine hender små», og tok del i bøn om at barn og unge får del i den kristne trua, og at alle må få høyre om Jesus.

JUBILEUM: Både barn og voksne var aktive i festgudstenesta i Moster amfi søndag.

Fleire barn leia også forsamlinga i bøn om at ingen må bli utsette for vald og valdtekt, i bøn for dei som strir mod døden, om styrke til dei som lid, om hjelp for barn i krigsramma område – og om at «politikarar må bruke hovudet når dei vil bestemme over andre land», som det klokt vart sagt.

Det var ikkje sjølvsagt at kristentrua skulle få det fotfestet ho har fått den gangen for tusen år sidan, og det ikkje sjølvsagt at alle nordmenn i framtida vil kjenne det kristne evangeliet. Det er heller ikkje sjølvsagt at verknadane av kristenretten vil fortsette å prege samfunnet vi bur i. Då er barna mellom dei mest sårbare. Derfor var det både sterkt og djupt meiningsfullt både at barn deltok og at deira perspektiv kom tydeleg fram også i festgudstenesta.

Sokneprest Aksel Lygre på Bømlo bad i innleiinga om at Guds kyrkje hos oss held kallet levande, slik at vi med truskap og kraft forkynner evangeliet. Det er ei bøn vi bør kunne slutte oss til. Vi kan også ta med oss biskop Vardens påminning om at for Gud tusen år som ein dag og ein dag som tusen år. Om vi er uroa over utviklinga rundt oss, kan vi stole på Gud slik så mange har gjort i tusen år før oss her i landet.

Powered by Labrador CMS