Debatt
Finn-Arne Lauvås har rett
La meg straks vera klar på at eg tek klar avstand frå preterismen. Men når det gjeld datering av Johannes Openberring, har Lauvås rett. Det er den tidlege datering som må vera rett datering av openberringsboka. Eg vil grunngje dette.
Grunngjeving finn eg i det Johannes skriv i kapittel 17. Her får Johannes hjelp av ein engel til å identifisere dyret. «Eg skal fortelja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne og har sju hovud og ti horn. Dyret du såg, det var, men er ikkje, og det skal koma opp frå avgrunnen og gå sin undergang i møte. Og dei som bur på jorda, og som ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok frå verda vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser dyret som var, men ikkje er, og endå skal koma. Her trengst det vit og visdom.»
Engelen fortset å informera Johannes om identiteten til dyret: «Dei sju hovuda er sju fjell, og på dei sit kvinna. Dei er òg sju kongar: Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje kommen, og når han kjem, skal han bli verande berre ei lita stund. Dyret som var, men ikkje er, det er sjølv den åttande, men like fullt ein av dei sju og går sin undergang i møte.»
Når vi les Openberringane kapittel 17 er det verdt å merke seg at heile tre gonger vert det sagt om dyret: Det var, men er ikkje, men kjem igjen.
«Dyret du såg, det var, men er ikkje, og det skal koma opp frå avgrunnen og gå sin undergang i møte.» «Dei skal undra seg når dei ser dyret som var, men ikkje er, og endå skal koma» (vers 8).
Dyret som var, men ikkje er, det er sjølv den åttande, men like fullt ein av dei sju og går sin undergang i møte (vers 11)».
Når dette vert sagt om dyret heile tre gonger, må dette vera noko viktig om vi skal identifisere dyret. Denne Antikrist eller dyret må ha vore på jorda før Openberringsboka vart skriven. Han må ha hatt ein historisk opptredde i forkant av apokalypsen til Johannes på Patmos. Då den siste boka i Bibelen vart skriven, var dyret ikkje-eksisterande i verda. Men ein gong i framtida vil han koma att som den åttande av hovuda på dyret.
Eksegese og bibel-hermeneutikk krev kunnskap i den profane historie. I dette tilfellet må vi ha historiekunnskap om tida då Johannes fekk syna på Patmos. Det engelen fortel om dyret kan verka gåtefullt. Men det må aldri vera tvil om at det er engelens og Guds vilje at vi skal kunna forstå det. «Dei sju hovuda er sju fjell eller høgder», seier engelen. Blant bibelfortolkarar er der stor semje at desse høgdene er dei sju historisk velkjente høgdene byen Rom var bygd på. Vi kjenner lokalitet og namna på desse høgdene, og Rom vart omtala som «Byen på dei sju høgder». På denne bakgrunn forstår vi at dyret har med Romerriket å gjera.
Det neste engelen fortel Johannes er at dei sju hovuda på dyret også er sju kongar. Så får vi informasjon som skal gi oss moglegheit å identifisere dyret. Fem av kongane er falne. Ein er no. Og éin er enno ikkje kommen, og når han kjem, skal han bli verande berre ei lita stund». Sidan den første identitet – «sju høgder» – knyter dyret til Rom, må også den andre identitet – «sju kongar» – vera knyta til Rom og Romerriket.
Slik eg ser det, er det då naturleg å tenkje seg dei sju kongane som dei sju første keisarane i det Romerske Imperiet. Somme vil meine at Julius Cæsar var den første keisaren. Det var han ikkje. Han var den som fundamenterte keisarembete i Romarriket. Men han fekk aldri keisartittel. Suksesjonen av dei sju romerske keisarane var då desse:
1. Augustus: 27–14 – Fallen
2. Tiberius I: 14–37 – Fallen
3. Caligula:37–41 – Fallen
4. Claudius I: 41–54 – Fallen
5. Nero: 54–68 Fallen – dyret
6. Galba: 68–69 – Ein no
7. Otho 69: Ein er ikkje kommen. når han kjem, skal han bli verande berre ei lita stund. Otho var keisar frå 15. januar til 16. april.
Dersom dette er rett, vert det den sikraste datering av Openberringa i Bibelen. Den vart skriven i år 68–69. Profetiens historiske presens, var då keisar Galba regjerte.
Dyret, «som var, men er ikkje, men kjem igjen», er den siste av dei falne keisarane, keisar Nero. Mykje kunne vore sagt om dette. Men er dette rett, ugyldiggjer det alle dei fantasifulle forsøk på å identifisere Antikrist opp gjennom historia.
Her kan du lese alle våre nyeste innlegg om endetiden.