Debatt
JOHANNES OPENBERRING: La meg straks vera klar på at eg tek klar avstand frå preterismen. Men når det gjeld datering av Johannes Openberring, har Lauvås rett, skriv Kåre Torbjørnsen.
Odd Mehus
Finn-Arne Lauvås har rett
La meg straks vera klar på at eg tek klar avstand frå preterismen. Men når det gjeld datering av Johannes Openberring, har Lauvås rett. Det er den tidlege datering som må vera rett datering av openberringsboka. Eg vil grunngje dette.
Grunngjeving finn eg i det Johannes skriv i kapittel 17. Her får Johannes hjelp av ein engel til å identifisere dyret. «Eg skal fortelja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne og har sju hovud og ti horn. Dyret du såg, det var, men er ikkje, og det skal koma opp frå avgrunnen og gå sin undergang i møte. Og dei som bur på jorda, og som ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok frå verda vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser dyret som var, men ikkje er, og endå skal koma. Her trengst det vit og visdom.»
Engelen fortset å informera Johannes om identiteten til dyret: «Dei sju hovuda er sju fjell, og på dei sit kvinna. Dei er òg sju kongar: Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje kommen, og når han kjem, skal han bli verande berre ei lita stund. Dyret som var, men ikkje er, det er sjølv den åttande, men like fullt ein av dei sju og går sin undergang i møte.»