Kommentar
KUNST SOM ENGASJERER: Ivan Storm Juliussens kunst har ei eiga evne til å skapa nasjonal debatt, men er kunstdebatt relevant i bedehusland?
Alice Tegle
Fint eller stygt? Same det, i bedehusland er det vel uansett berre det indre som tel
Har bedehusfolk noko å melda i debattar om kunst og estetikk?
Ein stormfull kunstdebatt her lokalt i Rogaland har no blitt nasjonal. Kunstkritikar Trond Borgen tok tidlegare i haust eit nådelaust oppgjer med utstillinga av Hognestad-kunstnar Ivan Storm Juliussens monumentale og maritime måleri, som i månadsskiftet november-desember vart utstilte i Kinokino kunstsal på Sandnes.
Problemet, meinte Borgen i Stavanger Aftenblad-meldinga si, er at denne utstillinga ikkje kvalifiserer som kunst. Det er nemleg kitsch. Kitsch er kopiering, ei uoppfinnsam resirkulering av gamle klisjear. Det manglar den nyskapinga som verkeleg kunst har som kjennemerke. Og dermed finst det ingenting som kan redda Stom Juliussens seglskutekunst frå totalhavari.
På det punktet er Borgen like brutal som han er føreseieleg når han slepper falløksa over folkefavoritten. Terningkast ein. Nokon kviskra at Storm Juliussen visstnok burde vera takksam berre for at Borgen kasta sitt kresne blikk mot lerreta hans.