| Bokanmeldelse
Fire grunnar til at denne andaktsboka er fabelaktig
BOKDEBUTANT: Prest Sveinar Medhaug er aktuell med andaktsboka "En blå linje"
Dan Aksel Jacobsen
Sveinar Medhaug er i år ute med si første bok. Det var bra 41-åringen ikkje venta lenger. Presten frå kysten er nemleg ein ordkunstnar, viser det seg. Både han og Verbum forlag skal ha ære for at denne utgjevinga klaffar nær sagt på alle punkt.
I staden for ein raud tråd, byr Medhaug på «en blå linje» i denne andaktsboka med 50 lesestykke, kvar knytta til ein kort bibeltekst. Han koplar kystfolks sans for historieforteljing og bibeluniversets mange ord om vatn i alskens former.
Medhaug, som sjølv er busett i havgapet på Karmøy, flettar også personlege trådar inn i den same blå linja. Han fortel om bestefaren som var fiskarbonde på ei lita øy, om kystkonfirmantar som brukar nærmiljøet for å læra om Gud og om eige båtliv med rom for bønestund.