Debatt

RESOLUSJONAR: Ifølgje UN Watch database, har UNHRC vedteke 99 resolusjonar mot Israel åleine frå 2006 til 2022. I same tidsrom er det vedteke til saman 61 resolusjonar mot alle dei andre medlemsstatane, skriv Ragnar Herleif Hatlem.

FNs oppretting av COI

Publisert Sist oppdatert

I mai 2021 oppretta Menneskerettigheitsrådet (UNHRC) ein permanent undersøkingskommisjon (COI) viss mandat var:

å etterforske, i det okkuperte palestinske territoriet, inkludert Øst-Jerusalem og i Israel, alle påståtte brot på internasjonal humanitær lov og internasjonale menneskerettigheits-lover før og etter 13. april 2021 samt alle underliggande årsaker til gjentatte spenningar, ustabilitet og forlenging av konfliktar, inkludert systematisk diskriminering og undertrykking basert på nasjonal etnisk, rasemessig og religiøs identitet. (Res. S-30).

Konflikten mellom Israel og palestina-arabarane er gjenstand for enorm interesse i UNHRC. Det er, utruleg nok, allereie cirka åtte permanente organ frå før som er etablert for å fremja dei palestinsk-arabiske interessene.

UNHRC har, heilt frå starten, hatt eit heilt uforholdsmessig fokus på Israel. Israel er gjenstand for fire gonger fleire undersøkingskommisjonar enn noko anna land.

For meir utdjuping og kjeldetilvising viser eg til boka mi «Palestina, Israels historiske og folkerettslege legitimitet» og til professor i juss Gregory Rose, professor i juss Geoffrey Corn og advokatane Andrew Tucher og Matthew Thorn: «The UNHRC ongoing Commission of Inquiry into Israel and the Occupied Palestinian Territories.»

Det første Menneskerettsrådet blei erstatta

Kofi Annan (tidlegare FNs generalsekretær) kritiserte det tidlegare UNCHR og uttrykte at «kommisjonens evne til håndtere sine oppgåver er blitt undergravd av politiseringen av sesjonane og selektiviteten i arbeidet».

Ein annan gong uttalte Annan framfor «The American Jewish Committee»: «Jeg vet at for noen av dere i dette publikummet, og i det jødiske samfunnet for øvrig, har det noen ganger virket som om FN tjener alle verdens folk bortsett fra ett: jødene.»

Etter kvart blei det bestemt å oppretta ein ny menneskerettskommisjon som skulle vera styrt av prinsippa om universalitet, objektivitet, upartiskheit og konstruktiv internasjonal dialog og samarbeid.

RAGNAR HERLEIF HATLEM: Skribent og advokat.

Erstatninga (UNHRC) kom i 2006, beståande av land som Afghanistan, Bangladesh, Kina, Cuba, Eritrea, Fiji, Gabon, Libya, Malaysia, Nigeria, Qatar, Somalia, Sudan og Venezuela. Fleire av desse landa er kjent for sine brot på menneskerettar. Dette sjølv om kriteria for å vera med i UNHRC, mellom anna, er at landa har gode merittar når det gjeld menneskerettar.

At det nye Menneskerettighetsrådet bygde på det same materialet (altså statar som sjølv blir sett på som menneskerettsforbrytarar), førte dessverre til at også at UNHRC blei svært partiske i sin behandling av Israel.

Ekstremt fokus på Israel

Ifølgje UN Watch database, har UNHRC vedteke 99 resolusjonar mot Israel åleine frå 2006 til 2022. I same tidsrom er det vedteke til saman 61 resolusjonar mot alle dei andre medlemsstatane. Israel er det einaste landet i verda som UNHRC har avsett ein permanent årleg dagsordenspunkt for (Agenda Item 7).

På desse møta i Agenda Item 7, er det døme på at ein svertar Israel på det grovaste. Direktøren for «UK lawyers for Israel» Natasha Hausdorf, som har vore til stades under eit slikt møte, fortel om heilt utrulege opplevingar kor, til dømes, medlemsstatar framsett skuldingar om at IDF tek lekamsdelar av palestina-arabarar og andre formar for «blod-injuriar».

COI har liten støtte

Det er til saman 47 stemmeføre i UNHRC. Då COI vart oppretta, stemde berre 24 for, 9 stemde mot og 14 avstod frå å stemma. 11 av dei 24 som stemde for skipinga, tilhøyrer OIC (Organisasjonen for Islamsk samarbeid) som ikkje anerkjenner Israels legitimitet. 22 av dei 24 statane er ikkje rekna som fullt frie demokratiske land på «Freedom House scale».

Budsjettet heilt ute av proporsjonar

FNs generalforsamling avgjorde 24. desember 2021 COIs budsjett til cirka 5.475.600 USD årleg frå 1923 og vidare. Av alle dei 33 undersøkings-mekanismane UNHRC har skipa gjennom dei siste 16 åra, er det berre ein som har fått eit større budsjett.

Den enorme ressursbruken, (budsjettet, omfanget av mandatet og det at COI er permanent) og dei brota på internasjonal lov som skal undersøkjast, er budsjettet totalt ute av proporsjonar når ein samanliknar det med alvorlege brot på menneskerettar andre plassar i verda.

Kommisjonens leiarar er kjende for sine anti-israelske uttrykk

Endå meir tvilsam blir UNHRC sin skiping av kommisjonen når ein ser på kommisjonens medlemmar. Kommisjonen er samansett av tre personar kjent for sine anti-israelske haldningar:

Miloon Kathari (India) er kjent for sine fordømingar av Israels militære handlingar og oppfordring til andre statar om å revurdere sitt militære samarbeid med Israel. Ifølgje Jerusalem Post skal Kathari også ha uttalt at sosiale medium i stor grad er styrt av ein jødisk lobby. Vidare er han kjent for å setja spørsmålsteikn ved israelsk medlemskap i FN.

Kommisjonens leiar, Navi Pillay (Sør-Afrika) er kjent for sine skuldingar om at «Den israelske regjeringa behandlar folkeretten med evig forakt». Ho har også kalla kritikken mot UNHRCs partiskheit som ein «nedsettande media og lobbykampanje».

Christopher Sidoty (Australia) har rost den palestinske organisasjonen (Independent Commission for Human Rights) for å modig fordømme dei israelske «okkupasjonsstyrkane». Han har også vore medlem av «Australia Center for International Justice» som aktivt driver kampanjar mot Israel.

Kommisjonens samansetning innbyr i liten grad til tillit og strider dessutan mot UNHRC sitt eige mandat om objektivitet og partiskheit, sjå nedanfor.

Kommisjonens samansetning reduserer dessutan kommisjonens truverd og gjer at kommisjonen får liten eller ingen truverd blant dei landa som ynskjer ein upartisk gransking.

Mandatet er svært ubalansert

Mandatteksten legg klare føringar for kva resultat UNHRC sjølv ynskjer seg og fastslår ein rekke kontroversielle forhold som om det var udiskutable sanningar. Dette gjeld blant anna temaet om «okkupasjon», «Aust-Jerusalem» og «systematisk diskriminering og undertrykking».

I mandatet blir det slått fast at områda er «okkuperte palestinske område» sjølv om dette er svært tvilsamt. Ut frå ein folkerettsleg vurdering, er desse områda verken spesielt arabiske (palestinske) eller okkuperte ut frå rådande folkerett.

Mandatet peiker på Israels «påståtte brot» og speglar i liten grad dei andre aktørane i konflikten. I mandatet er det liten eller ingen fokus på dei islamistiske organisasjonane (Hamas, Palestinsk Islamisk Jihad, PFLP og Fatah).

Dette trass i terrororganisasjonen Hamas sine stadige og grove brot på internasjonal rett gjennom blant anna vilkårlege angrep mot sivile i Israel og organisasjonens bruk av barn og vaksne som menneskelege skjold på Gaza.

Israel er gjenstand for fire gonger fleire undersøkingskommisjonar enn noko anna land.

Eg kan i denne forbindelse nemne dei stadige rakettangrepa (tusenvis av rakettar mot sivile israelarar frå Gaza) og den stadige terroren og terrortruslane mot israelarar (arabarar og jødar) som har trigga og nødvendiggjort dei israelske militæroperasjonane; Cast Lead (2008–2009), Pillar of Defense (2012), Protective Edge (2014), Guardian on the Walls (2021) og Operation Breaking Dawn (2022) for å verne eigen befolkning.

I tillegg kjem naturlegvis dei andre angrepa mot Israel: Borgar-krigen som blei starta den 30. november 1947, uavhengighetskrigen frå 1948, seksdagerskrigen i 1967 og jom kippur-krigen i 1973.

UNHRC kjenner godt til at Israel, heilt forståeleg og legitimt, har valt å ikkje samarbeide med COI. Følgjeleg må COI forholda seg til organisasjonar som er kjent for sine løgner og fordreiing av fakta. At dette vil bli ein objektiv og upartisk permanent undersøking av konflikten, er derfor svært tvilsamt.

Mandatet strider mot internasjonale reglar om prosess og rettargang

I Res. 30/1 er COI gitt ei forplikting til å innhente beviser som kan maksimere sjansane for at Israel blir tiltalt for brot som er nemnt i mandatet. Dette er i seg sjølv ei heilt utruleg formulering som ignorerer sentrale internasjonale reglar om rettferdig prosess og ein rettferdig rettargang.

COI er ikkje fundert på eit lovleg rettsleg grunnlag

Skipinga av COI har tiltrekt seg mykje kritikk. Etter å ha vurdert bekymringane som er uttrykt av ei rekkje av FNs medlemsstatar, har «The Hague Initiative for International Cooperation» saman med internasjonale advokatar, analysert hovudinstrumenta som COI er tufta på, nemleg Res 60/251 (etablering av sjølve UNHRC) og Res S-30/1, der UNHRC etablerer COI og COIs Mandat.

I tillegg har dette teamet vurdert implikasjonane under folkeretten.

Rettsleg sett er COI fundert på eit ikkje-eksisterande rettsleg grunnlag. UNHRC sitt mandat, er å verka for at menneskerettar blir haldne gjennom å koma med anbefalingar til Generalforsamlinga som bidreg til vidare utvikling av internasjonal lov på menneskerettigheits-området og arbeid i nært samarbeid med regjeringar og regionale organisasjonar.

Arbeidet skal vera styrt av prinsippa om universalitet, upartisk-heit, objektivitet og ikkje selektivitet, konstruktiv internasjonal dialog og samarbeid (Res. 60 / 251 for 2006).

Som Res. S-30/1 og mandatet viser, er COI oppretta for å utføra kvasi-rettslege oppgåver. COI skal driva med lovtolking, etterforsking av dei rettsleg relevante forholda og komma med anbefalingar når det gjeld internasjonal lov.

UNHRC kan naturlegvis ikkje oppretta ein organisasjon og gi denne meir myndigheit enn det UNHRC har sjølv. FN og UNHRC har inga myndigheit utover den myndigheita dei har fått av dei suverene medlemsstatane. I dette tilfellet har UNHRC gitt COI ei myndigheit som går langt ut over UNHRCs eigen myndigheit. Dette fører til at COI sitt rettslege grunnlag er ugyldig.

UNHRCs oppgåver høyrer inn under ICC

Det er dessutan svært problematisk at COI vil etterforska lovbrota som er oppregnet i Roma-statutten for Den internasjonale straffedomstolen (ICC).

Mange folkerettsjuristar meiner at ikkje ein gong ICC har nokon jurisdiksjon over straffbare handlingar gjort seg skuldig i i «Palestina».

Konklusjon

FN er oppretta for å skapa fred mellom landa. Det antatt viktigaste verkemiddelet for å fremja denne freden, er å skapa samhandling mellom landa basert på folkerettslege prinsipp. I forordet til FN-pakta er respekten for dei forpliktingane som grunnar seg på traktatar og andre folkerettskjelder, trekt fram som viktig for å byggje fred i verda.

FN, og i særdelesheit skipinga av COI, er ikkje berre eigna til å svekkja UNHRCs truverd. Denne skipinga er og med på å undergrava respekten for internasjonal lov. Dette fører til at viljen til å etterleve internasjonal lov blir redusert i tråd med den fallandene respekten.

Når FN verkar partiske, lite objektive og når Israel blir behandla etter andre standarar enn andre statar, bidreg dette til å undergrava den enkelte stats respekt for og vilje til å handla i tråd med folkeretten. Dette er naturlegvis svært alvorleg. Sannsynet for ufred i verda aukar i takt med at respekten for folkeretten blir redusert.

Det er naturlegvis svært viktig at FN sjølv held seg innafor sikker og anerkjend folkerett dersom FN ynskjer at medlemsstatane skal etterleve folkeretten.

Powered by Labrador CMS