Folks samlivsetikk og kyrkjeleg praksis
Dersom ein vil auka oppslutninga om kyrkjelege handlingar som vigsel og dåp, må ein få på plass ei omfattande og tydeleg kristendomsundervisning og bibelsk etikk om livet og samlivet, skriv Johannes Kleppa.
At det har vore store endringar i folks samlivsetikk og samlivspraksis dei seinare år, er ei kjent sak.
At det har vore store endringar når det gjeld praksis i høve til kyrkjelege handlingar, særleg dåp og vigsel, er også kjent.
Då eg fekk statistikken for dette svart på kvitt, vart eg likevel overraska over kor store endringane er, og kor samanfallande dei er i tid.
Sokneprest Asbjørn Salthe har skrive ein interessant artikkel om dette i Luthersk Kirketidende nr. 12/14, men han konkluderer diverre feil. Statistikken han brukar går frå 1960 og fram til vår tid.
I 1960 gifta omtrent 85 prosent seg i Den norske kyrkja (Dnk), og det fall til rundt 60 prosent i 1990. På 80- og 90-talet låg prosentsatsen nokså konstant, men frå 2000 til 2012 fall han til 36,5 prosent. Frå midten av 80-talet og fram til no har det vore ein radikal auke i born fødde utafor ekteskapet. Då var det rundt 28 prosent og no er det over 55 prosent. I 1960 vart 96 prosent av borna døypte, og det held seg nokså konstant fram til 1970, men så stupte det fram 1990 til 82 prosent, for så å vera stabilt til år 2000, men stupte så med 20 prosent til 62 prosent i 2013.
Alt dette er svært markante og drastiske tal. Det store spørsmålet er kva grunnen til dette er.
Det er altså ein tydeleg parallell mellom folks samlivspraksis og bruken av kyrkjelege handlingar.
Salthe brukar i stor grad det første til å forklara det siste. Den forklaringa kan ein absolutt ikkje sjå bort frå. Det spørst likevel om ikkje dette er ei for snever forklaring. Salthe knyter sitt synspunkt til Karsten Isachsens utsegn i tilknytting til homofilispørsmålet om at kyrkja har «tapt folkets kjærlighet».
Medisinen vert å justera kyrkja sin samlivsetikk til folks praksis, altså akseptera sambuarskap og homofilt samliv. Dersom poenget er at Dnk skal vera folkekyrkje, er sikkert dette ein veg å gå. Dersom målet med Dnk er å vera sann kyrkje, vil det vera reine kapitulasjonen.
Kristen etikk og kristen praksis vil vera avhengig av kristen kunnskap. Det sokneprest Salthe ikkje nemner med eitt ord, men som er nokså påfallande i høve til tidspunkta for dei markante knekkpunkta i dei statistiske kurvene, er endringane i kristendomsundervisninga i skulen.
I 1969 slutta kristendomsfaget i skulen å vera dåpsundervisning, og faget vart raskt redusert og utvatna, utan at faget vart erstatta med anna kristendomsundervisning. På denne tida vart også haldninga til friabort sterkt endra. På slutten av 90-talet fekk vi KRL-faget, og med det ei ytterlegare nedtoning og utydeleggjering av kristen kunnskap, samstundes som aksept for homofilt samliv vaks fram.
Dette tyder på at dersom ein vil auka oppslutninga om kyrkjelege handlingar som vigsel og dåp, må ein få på plass ei omfattande og tydeleg kristendomsundervisning og bibelsk etikk om livet og samlivet.