Leder
FRELSE: På Stad har folk eit nært forhold til frelse og fortaping, til redning og forlis.
Kari Fure
For den som trur er ikkje døden slutten. Det er starten på det nye livet
Det har snart gått ei veke sidan vi feira at grava var tom og at Jesus sto opp frå dei døde. Vi er tilbake i kvardagen, men påska må vi ikkje sleppe tak i.
Det kjennest som eg har vore i litt for mange gravferder det siste halvanna året. På denne tida har eg mist to tanter og ein onkel.
Slik blir det når far er nest yngst i ein søskenflokk på ti. På eit tidspunkt blir det mange tap. Mange ein er glad i som blir borte og store tomrom etter dei. No er dei berre to att av denne høgrøysta, fargerike flokken, som vaks opp på eit nes ytterst på Stad.