Debatt

RETTSSAK: I 2015 døde 130 mennesker som følge av bombeangrep og skyting over hele Paris. 29. juni 2022 ble den eneste overlevende av en gruppe islamistiske ekstremister dømt til livstid i fengsel for angrepene. Her er rettsdeltakere og advokater samlet utenfor rettslokalet etter dommen.

For snill med islamistiske terroristar

Publisert Sist oppdatert

I eit friskt innlegg sist fredag har Dag Myhre klare tankar om ytringsfridomens grenser. Definisjonen er grei: Grensa blir passert når nokon oppfordrar til bruk av vald.

Mot slutten av innlegget opplyser han om at 635 personar er drepne av islamistiske terroristar sidan 2020. Kven har forsynt han med dette talet, og kvifor er Dag Myhre så snill?

Dei konkrete tala for 2021 er 11.208 døde og 9.591 såra, fordelte på 2.272 terroråtak i 54 land. Tala er ganske nøyaktig på same nivå som i 2020.

Hittil i 2022 er 5.605 døde og 3.864 såra, fordelte på 1.131 aksjonar i 38 land.

Metodikken for innsamling av dei lite hyggelege tala står detaljert på nettsidene til The Religion of Peace under arkiv-spalta. Alle dødbringande aksjonar er spesifiserte – tid og stad, type aksjon og form for valdsbruk.

Talet på døde kan vera litt lågt, då ein ikkje kjenner lagnaden til dei som frå fyrst av vart registrerte som såra. Æresdrap og avrettingar i shariadomstolar er ikkje rekna med.

Powered by Labrador CMS