Leder
Førebilete. Fenomen. Fellesskapskongen
Han har passert gjennomsnittleg levealder for norske menn med godt over seks år. Han går sakte og ofte med krykker. I andletet hans har eit stadig og engasjert smil skapt eit heilt eigenarta terreng.
Han er landets mest populære mann.
Den siste popularitetsmålinga, gjennomført av Norstat for Nrk rett før helga, er ei heilt unik kjærleikserklæring til kongehuset vårt. Men mest til monarken sjølv.
Kong Harald har ein popularitet som verkeleg bør vekkja nyfikna vår. Norstats måling gav han 9.2 av 10 på sin indeks. Det er rett og slett oppsiktsvekkjande.
Ein gjennomgang av popularitetssituasjonen til dei sju kongedøma rundt om i Europa (det er 12 monarki i alt), viser eit svært samansett bilete, både når det gjeld tilslutninga til monarkiet som institusjon og til dei personane som fyller rollene.
Det som er spesielt i Noreg, ifølgje artikkelen i The Brussels Times, er at våre folkevalde jamleg debatterer monarki som styringsform. At styringsforma og kongehuset berre er vanetenking, er det lite som talar for.
Monarkiet er godt forankra når Norstat-målinga melder at 73 prosent av folket støttar opp om det. Motsett av for mange monarki elles i Europa viser det i Noreg framgang i popularitet i aldersgruppa 18–29 år. Det er også interessant.
Den personlege triumfen til kong Harald er både ein funksjon av, og eit tillegg til dette. Mellom system og person finst ein dynamikk som ikkje fullt ut lar seg greia ut.
Besøket i Rogaland sist veke var ei ny triumfferd. Å sjå det aldrande kongeparet ta imot hyllest frå festkledde folkehav er ikkje akkurat noko sensasjonsstoff. Rørande er det like fullt når guten i den grå hettegenseren smiler og gir kongen og dronninga «ti av ti». Av og til bør vi ta eit steg tilbake å minna oss om eit enkelt faktum: Det er ikkje sjølvsagt at det er slik.
Kong Harald tener folket sitt i ei tid som er svært kritisk, og der autoritetar alt anna enn sjølvsagde. Tida vår vert ofte blir skildra som fragmentert. Elevar i vidaregåande er vel vane med formuleringar av typen «de store fortellingene er døde». Uttrykket kjem frå franskmannen Jean- François Lyotard, som alt i 1979 skreiv om «Den postmoderne tilstand». Men eit kongehus er nettopp ei stor og samanhengande forteljing.
Det er likevel typisk for vår tid at vi har færre samlande symbol. Vi ser det rundt oss, ikkje minst i desse dagar. Det er kamp og debatt knytt til ulike symbol og kva dei betyr.
Dess meir takksame bør vi vera for ein konge som maktar skaper begeistring på tvers av befolkninga. Han har investert heile livet sitt i dette.
Ingen vinn hjarta til folket berre ved å følgja instruksen
På ei side kan ein seia ein som kong Harald har naturlege føresetnader for å lukkast. Han er smilande og interessert i alt som rører seg i landet. Det høyrer dessutan med til stillingsinstruksen å vera det. Han er apolitisk, og kan manøvrera trygt unna alt av kontroversielle tema. Det er også ein del av jobben.
Men ingen vinn hjarta til folket berre ved å følgja instruksen. Då kong Harald tok til i gjerninga si i den 17. januar 1991, var det på ingen måte opplagt at han skulle bli så populær som han i dag er.
Det er mange som har peika på kor overhendig store sko folkekongen Olav hadde sett att for å fyllast. Kongen har sjølv gitt oss innsikt i det overveldande ved å overta etter ein svært populær monark.
Det overordna prosjektet hans er kanskje best reflektert i kongeparets prosjekt om å besøka alle landets 357 kommunar. No har dei berre att elleve før dei er i mål.
Det har bygd på seg gjennom trufast og iherdig innsats over tid. Det er oppskrifta på å vinna nokons hjarte, anten det er eit folk eller ein hjartanskjær: Ein må ta steg for steg. Komma nær. Vera villig til å stå distansen. Slik er kong Harald.
Den 17. januar 2021, på 30 årsdagen for Haralds overtaking av trona, skreiv VG på leiarplass «De historiske regenter var konger av Guds nåde. Harald er konge av vår tid.» Men det er verdt å peika på at eit slikt skilje verkar konstruert. Guds nåde representerer den verkeleg lange linja i historia vår, noko også kongen vår synest å ha eit sterkt medvit om.
Difor gler vi oss over den velviljen som i landet vårt finst mellom folk og drott. I tillegg til glede over folkeleg popularitet, er det verdt å ta fram den enkle og mektige bøna til Elias Blix: «Gud sign vår konge god!»