Debatt

AUKA TRYGGLEIK: Energiminister Terje Aasland (Ap) og kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) heldt 31. mai pressekonferanse om stortingsmeldinga om flaum og skred.

Førebygging er nøkkelen til tryggleik mot flaum og skred

Publisert Sist oppdatert

Flaum og skred kan ha store konsekvensar, og fleire enn 300.000 menneske bur i område som er utsette for slike farar. Regjeringa vil auke tryggleiken for folk. Derfor la vi fredag fram ei stortingsmelding med tiltak for ulike delar av samfunnet. Eitt av dei er å redusera delen kommunane må betale for sikring av utsette område.

Ekstremvêret Hans i fjor kosta samfunnet over sju milliardar kroner i direkte skadekostnadar. I tillegg kjem indirekte tap, til dømes som følgje av stengde vegar og jernbaner. Styrkt førebygging vil kunne spare samfunnet for store kostnadar. Førebygging omfattar både fysisk sikring og tiltak som kartlegging, arealplanlegging, overvaking og varsling.

Kommunane har eit grunnleggjande ansvar for å trygge befolkninga, og har også ansvar for arealplanlegging, beredskap og krisehandtering knytt til naturfarar. I tillegg har dei ei viktig rolle i gjennomføring av sikringstiltak. For å lette børa for kommunane, vil den kommunale finansieringsdelen for sikringstiltak bli redusert frå normalt 20 til 10 prosent.

Med mange aktørar og eit omfattande regelverk innan naturfare er det også viktig at forvaltninga er samordna og samarbeider effektivt. Arbeidarpartiet og Senterpartiet vil derfor arbeide for at staten skal bli meir samkøyrd i møte med kommunane.

Regjeringa vil leggje meir vekt på flaumdemping i behandlinga av ny vasskraft. Vasskraftmagasin i regulerte vassdrag kan ha ein betydeleg flaumdempande effekt. Dette såg vi mellom anna under Hans. Vasskraftregulantane har eit viktig samfunnsansvar, og bidrar til å redusere skadane i flaumsituasjonar.

Eit viktig, overordna prinsipp i flaum- og skredpolitikken er at førebyggjande tiltak skal prioriterast ut frå samfunnsøkonomisk lønnsemd. Tiltak som blir sette i verk, skal ha større nytte enn kostnader, og tiltaka med størst nytte i forhold til kostnadane skal setjast i verk først. Gjennom betre oversikt over risikobiletet og oppdatert kunnskap om effekten av ulike typar førebyggjande tiltak og kva dei kostar, legg vi til rette for meir treffsikker prioritering av samfunnsressursane.

Senterpartiet og Arbeidarpartiet varslar med dette eit auka fokus på beredskapen og tryggleiken til folk i heile Noreg. Samstundes må vi erkjenne at vi aldri kjem til å kunne å sikre oss mot all naturfare i Noreg. Naturen og alt den bringar med seg er ein del av oss, men vi skal auke innsatsen på førebygging og beredskap. Staten skal også stille opp for lokalsamfunna rundt om i heile Noreg med både meir kunnskap, betre bistand og ved å ta meir av rekninga for sikringstiltaka.

Det handlar rett og slett om tryggleik for liv og verdiar. Og det handlar om at folk skal kunne bu trygt i heile Noreg.

Powered by Labrador CMS