Kommentar
Forgifta feminisme: Kvinner som angrar på borna dei fekk
«Barne-anger» som eit feministisk tema er visstnok noko vi skal lytta til, ifølgje trendar i tida. Men er det ikkje eit kulturelt forfallsteikn?
Trua på at alle tabu bør avviklast står så sterkt i vårt samfunn at vi har lett for å reagera med ryggmergsrefleksen. Så når Aftenpostens Ingeborg Senneset nyleg lanserte det å angra på å få barn som eit siste tabu, er det lett å svara med automatisert applaus.
Så flott, Senneset. Så fint at eit nytt «siste tabu» står for fall. Ja, dette må vi snakka meir om, dette er sanneleg viktig å opna opp om.
Heilt i tråd med feministen Orna Donath som i si bok «Regretting motherhood» (2017), hevdar at samfunnet nærast tvingar kvinner inn i morsrolla.
Formalitetar og fabeldyr
Vi snakkar så ofte om at vi er komne så langt i vår tid og i vår kultur på dette med å ta barneperspektivet. Vi var først ute med eit eige barneombod tilbake i 1981. Rundt ti år etter vart FNs Konvensjon om barns rettar ein del av norsk lovverk.
Det formelle er på stell. Men for barn er formalitetar like relevante som fabeldyr er for oss vaksne. Det er praksis som avgjer.
Nett no om dagen er eit stort nordisk samarbeidsprosjekt, «Barnets første 1.000 dager» inne i sin avsluttande fase. Fundamentet for arbeidet er ei erkjenning av kor viktig tida frå befruktning og dei første åra i eit menneskeliv er for den psykiske helsa seinare.
For barn er formalitetar like relevante som fabeldyr er for oss vaksne.
Svangerskapsomsorga skal ta sikte på å førebyggja seinare psykiske helseplager. Det er gledeleg at styresmaktene tenkjer så heilskapleg. Men:
Allmektige mødrer
Før ein kjem så langt, har vi eit lovverk som gjer mor allmektig når det gjeld den nye verdsborgaren sin mest fundamentale menneskerett: Retten til liv.
Livmora er dermed eit lumsk farvatn for eit kvart barn. Her gjeld ikkje eingong den sterkastes rett. Her må barnet i tillegg til å vera sterkt og lytelaus også vera sterkt ønska av vaksne, om det skal nå neste etappe i livsløpet.
Vi har elles sikra oss nærast fanatisk mot sjansen for å pådra oss omsorgsoppgåver vi ikkje kan eller ikkje orkar å ta fatt på. Landet vårt flyt over av sponsa prevensjonsalternativ som sikrar tilgang på fri sex støvsugd for reproduksjonsrisiko.
Skulle prevensjonsplan A feila, finst dessutan ein plan B. Den såkalla angrepilla.
Tolv veker er ikkje nok
Og skulle begge desse slå feil, er det deretter full tilgang til å fjerna det uønskte barnet på staten si rekning innan tolv veker. Som vi veit er det for tida stort påtrykk for å endra også dette i disfavør av barnet.
Tolv veker er for kort tid for dei vaksne til å bestemma seg, blir det sagt. Revisjon av lova om svangerskapsavbrot handlar utelukkande om den eine parten: den vaksne.
Nokre land har komme «lenger», vil truleg nokre meina. Avbrot av svangerskap heilt fram til fødsel er realisert, mellom anna i Staten New York. Med argumentasjonen vi høyrer for utviding av tilgang til abort, er det heller ingen grunn for at vi skal stoppa på 18 veker her heime.
Abort etter fødsel?
Og dette treng, utruleg nok, heller ikkje å vera siste stopp på vegen. Filosof Peter Singer er slett ikkje åleine om å ta til orde for såkalla «post-natal abortion». Abort etter fødsel.
Kva fin terminologi vi no klistrar på dette, så er vi faktisk komme tilbake til tida før vi innførte kristenretten her til lands. Det er som kjent 1.000 år sidan i år. Vi finn kanskje andre ord og andre nemningar. i dag.
Vi har eit statsapparat som alt er parat til å pålegga sine tilsette å vera bødlar for at andre skal få realisert sin ide om fridom.
Men om tanken om at å setja barn ut i skogen verkar barbarisk, er vel dette mest eit spørsmål om form. Moral er som kjent noko som går djupare enn slike ytre former.
«Barnekollaps»
Eg trur vi må byrja å innsjå at vi ikkje lever i ein særskilt barnevenleg kultur her til lands. Festtalane forstummar, i møte med fødselsraten, for å seia det slik.
I 2022 var fruktbarheitstalet nede i rekordlåge 1,41. I det ein faktaboks i Aftenposten omtalar som «barnekollapsen» er det sjølvsagt mange faktorar. Ein kan peika på sosioøkonomiske faktorar som bustadprisar og uvisse i arbeidsmarknaden. Men det er noko meir.
Festtalane forstummar i møte med fødselsraten.
Same Aftenposten-sak konkluderer med eit ja på spørsmålet «Er det blitt mindre kult å få barn?» I tillegg til målbare faktorar, peikar også forskarane på samfunnsendringar som viser at der vi før heia på familieliv, er kulturen no meir i favør av det individuelle mennesket.
Manglande motspørsmål
Lite er meir eigna for å eksemplifisera denne trenden enn Ingeborg Sennesets oppgjer med det ho påstår er vårt siste tabu: Å angra på at ein har fått barn.
«Jeg er jo glad i barnet, vi har fine stunder av og til. Men jeg føler stort sett ingen glede og lengter etter alenetid», seier ei av kvinnene som har teke kontakt med Aftenpostens journalist. Men bør vi berre følgja feminismens krav om «berre» å lytta?
Trengst det ikkje motspørsmål heller? Er barna til for å komplettera vaksnes liv og glede? Er det ikkje heilt motsett?
Det er absurd at vi skal omfamna historier frå kvinner som først har hatt all tenkjeleg fridom, og deretter alle tenkjelege alternativ, for deretter å angra når ansvar og arbeid melder seg.
Kva godt som kan koma ut av å ta eit oppgjer med eit slikt tabu, kan vi berre spekulera i.
Ingeborg Senneset gir eit avslørande hint i avslutninga av teksten sin: «Må det vere så ensomt? Kan foreldreskap bli lettare om fellesskapet har meir openheit?» Å gjera livet lettare for vaksne, er som vanleg leiestjerna.
Ein meir tydeleg formulert foreldre-anger er slett ikkje eit oppgjer med eit tabu. Det er eit kulturelt sjukdomsteikn med feministisk forteikn.