Meninger
Forkynn Ordet med frimod
Evangeliet om Guds rike er godt nytt for alle menneske, for Ordet vart menneske. Han viste oss at Gud er vår skapande Far som elska menneska så høgt at han gav sin einborne Son for å frelsa oss frå vår vondskap. Jesus viste oss også kva det vil seia å vera eit menneske skapt i Guds bilete, for han er det sannaste og beste menneske som har levd på vår jord.
Evangeliet om Guds rike er godt nytt for alle menn. Det viser oss at det ikkje er det å ha makt som gjer oss til store menn. Å vera ein stor mann er å vera ein tenar, ein som tek ansvar for å gjera noko med uretten rundt seg. Menn med flotte og fromme titlar har som regel ikkje tid til å stansa opp i sitt viktige arbeid, men menn som er varmhjarta, tek seg tid til å hjelpa den som har falle blant røvarar.
Evangeliet om Guds rike gjer oss til menn som tek ansvar i heim og samfunn. Vi får del i Guds rike når vi tek imot Jesus Kristus som Herre og Frelsar, og blir fødde på ny av Den Heilage Ande, – berre på grunn av Guds nåde. Nåden gjer oss til skikkelege mannfolk og tenarar for Guds plan i vår generasjon. Når vi kjem inn i Guds rike, blir vi berarar av den frigjerande kjærleiksrevolusjonen som Jesus starta.
Evangeliet om Guds rike er godt nytt for alle kvinner, for det lyftar kvinnene opp og set dei fri frå undertrykking og urett. Det er eit vern mot utnytting og mishandling, men gjev dei ære og respekt. Evangeliet gjev kvinnene likeverd og menneskeverd, og viser kor viktige og sentrale dei er i Guds frelsesplan for denne verda.
Det var ei kvinne som bar fram Frelsaren til liv for alle menneske. Jesus lyfta fram kvinner som førebilete og gav dei oppdraget om å forkynna hans oppstode. Han framstilte kyrkja som ei kvinne, ei høgt elska og akta brur, som han la ned sitt liv for å få fram det beste i henne og stilla henne fram for seg i herlegdom. Slik vart han eit føredøme for menn for å gje kvinnene kjærleik og ære.
Forkynn evangeliet om Guds rike med frimod, for det gjer menn til menn og kvinner til kvinner. Jesus hjelper oss å finna oss sjølv, slik vi var skapt og meint å vera. Han tilgjev og reinsar. Han frigjer og utrustar både menn og kvinne til å fremja miskunn, rettferd og rett i ei verd med urett, krig og undertrykking. Samfunnsutviklinga viser at evangeliet om Guds rike er meir relevant enn nokon gong før. Samfunnet roper på kvinner og menn som vil stå fram med eit alternativ til den forvirring og det kaos som mange unge opplever i dag.
Forkynn Ordet med fridom! Evangeliet om Guds rike er svaret på utfordringane i tida vi lever i. Landet vårt treng frimodig forkynning av Guds ord!