Meninger

Biskop i Oslo bispedømme, Kari Veiteberg.

Forkynnar: Er biskop Kari Veiteberg kristen?

Publisert Sist oppdatert

Sjølvsagt kan ingen andre enn Gud gje eit skikkeleg svar på eit slikt spørsmål. Han ser til hjartet og dømmer ikkje etter ytre ting, slik vi menneske gjer.

Spørsmålet er likevel ærleg meint frå mi side, men det ligg ikkje ei fordømming i spørsmålet, berre ei undring fordi tankar ho uttrykkjer vanskeleg kan forståast som kristen tankegang.

Biskopen er ikkje den einaste som får dette spørsmålet hengjande over seg i desse dagane. Ho er i godt selskap av Eline H. Lorentzen, generalsekretær i NKS og Åste Dokka, kommentator i Vårt Land og mange andre teologar og kyrkjelege leiarar.

Den aktuelle bakgrunnen for spørsmålet mitt er deira reaksjonar på den nye nettsida om kristen seksualitet, Identitetogseksualitet.no. Det dei har til felles er at dei lar erfaring og kjensler styra deira oppfatning om kva som er god kristen etikk i staden for å la Bibelen få definera kva som er godt og rett eller syndig og gale.

Difor må eg stilla nokre enkle spørsmål, som ikkje berre er retta til dei eg har nemnd med namn, men til alle som vil bera kristennamnet.

Er du kristen når du forkastar det Jesus seier om at Skrifta ikkje kan setjast ut av kraft? Er du kristen om du ikkje trur slik Jesus trudde?

Er du kristen når tyngdepunktet i ditt verdsbilete og trusunivers ikkje er i samsvar med Bibelen, men har sitt opphav i ditt eige hjarte eller kulturen du lever i? Er det kulturen som skal tolka Bibelen, eller er det Bibelen som skal tolka kulturen?

Er du kristen, når du seier at det gjer liten meining å seia at ein trur på Bibelen? Spørsmålet mitt er: Om trua ikkje kjem frå Guds ord, er det då ei kristen tru?

Er du kristen om du seier at den totusenårige klassiske kristne etiske undervisninga er farleg? Er du kristen når du seier at klassisk kristen etisk forståing er hatefull, fordømmande og skremmande?

Er det kristen tankegang å gjera hjartet, det etiske kompasset, viktigare enn Guds lov? Står menneskas indre etiske kompass over Guds ord i Bibelen?

Er det ikkje kristen tankegang at Guds lov må overstyra hjartet og forma samvitet vårt? Er du kristen når du motseier Lova, som seier at du ikkje skal følgja ditt eige hjarte?

Er du kristen når du ser bort frå det Jesus seier, at frå hjartet kjem ureine og vonde tankar, hor og ekteskapsbrot, og seier at dette er å skru av sitt etiske kompass? Er du ein kristen når du forkastar det Jesus sa om ekteskapet, at det er meint å vera ein livslang kjærleiksrelasjon mellom éin mann og éi kvinne? Er du kristen om du tek avstand frå Jesu undervisning om hor og ekteskapsbrot?

Heldigvis er det ikkje eg som skal avgjera kven som har rett til å bera kristennamnet, men eg har rett og plikt til å stilla spørsmålet: Kven er ein kristen? Det svaret eg finn i Bibelen er dette:

«Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og følgja meg. For den som vil berga livet sitt skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld og for evangeliet, skal berga det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel?» (Markus 8,34–37).

«Elskar de meg, så held de boda mine.» (Joh 14,13) «Held de boda mine, er de i min kjærleik.» (Joh 15,9)

Ein kristen ber den bønna Jesus bad til sin Far i himmelen: «Helga oss i di sanning, ditt ord er sanning.» (Joh 17,17).

Powered by Labrador CMS