Forsamlingsbygging og Ordet - bedehuset og etternølarar
Her gjeld apostelens formaning om ikkje å stella seg slik at trua verta «grunna på menneskeleg visdom», skriv Johannes Kleppa.
Det er stort fokus på forsamlingsbygging eller kyrkjeplanting for tida, og godt er det. Dette fokuset burde vi hatt for 20-30 år sidan.
Det var å vona at vi med skipper Worse kunna seia: «Vi kjem seint, men godt!» Diverre er det ikkje utan vidare slik. Vilje til forsamlingsbygging er godt, men korleis skal dette skje? Kva er materialane ein brukar til bygginga?
I ulike kristne media er det skrive ein god del etter DAWN sin kyrkjeplantingskonferanse, Sendt, for ei tid sidan. Denne samla nær 800 deltarar frå nær sagt heile den norske kyrkjegeografien.
Sambåndet hadde 12-13 sider med dette som tema med tanke på indremisjonen og bedehuset. Når eg les, vert eg meir uroleg enn eg vert inspirert.
Det er snakka om «gamle leiarar» og «etternølarar» som er problem for den nye satsinga.
For min del er det slik at eg var ein av dei som for minst 25 år sidan sterkast talte for å etablera alternativ på bedehuset til dei kyrkjelege handlingane både ut frå utviklinga i Den norske kyrkja og fordi bedehuset trong det.
Eg talte for det som vart kalla «alt-under eitt- tak» og for meir sjølvstendige bedehusforsamlingar. Slik sett er eg ein «forløpar», ikkje ein «etternølar».
Sjølv om bedehuset alt då var sterkt svekka i forhold til nokre tiår tidlegare, ville det då trass alt vore ei heilt anna åndeleg berekreft ut frå bedehusets ideal for ei slik satsing enn det er no.
Eg er heller ikkje no «etternølar», men eg er uroleg for byggemåten og for kvaliteten i byggematerialet.
I alt det eg les frå DAWN, Sendt-konferansen og frå tilsvarande samanhengar, er det store mengder med analysar, visjonar, strategiar og metodar, men det er praktisk talt ikkje noko om Ordets nådemiddel og forkynninga.
Det er ikkje borte, men det er rekna som noko sjølvsagt og er difor ikkje fokusert. Det skaper eit engasjement for ytre og administrative forhold, men forkynninga sin plass og kvalitet - særleg det siste, vert oversett.
Det verkar med sin eigen dynamikk som ei nedtoninga av Ordet som nådemiddel, anten ein vil det og er klar over det, eller ikkje.
Former, metodar og strategiar eller ikke alltid berar av teologi. Det er den sunne læra som skal skapa og forma dette.
Skjer ikkje det, kan ein nok få ei oppblomstring i arbeidet, men over tid vil det anten døy ut, gå i retning av eit sosialt arbeid eller slita folk åndeleg ut.
Difor må all tenking om forsamlingsbygging ha eit langt sterkare tyngdepunkt i Ordets nådemiddel og forkynninga enn tilfellet er no. Her gjeld apostelens formaning om ikkje å stella seg slik at trua verta «grunna på menneskeleg visdom» ved ulike typar «visdoms overtalande ord», men «på Guds kraft» ved forkynninga av «Kristus Jesus, og han krossfest».
Det gjeld at ein ikkje byggjer på grunnvollen Jesus Kristus med byggmateriale som brenn opp. (1 Kor 2,1-5; 3,9-15)