Forvirringa veks i ekteskaps- og vigselsaka
Det er i røynda berre ei utsetjing av det formelle i saka, og samstundes ei forverring av realitetane, skriv Johannes Kleppa
Kyrkjemøtet (KM) klarte ikkje gjera noko vedtak i saka om ekteskapsforståing og liturgi for «vigsel» eller forbøn for likekjønna par.
Med det er saka formelt sett som ho var før møtet, men reelt sett er det skapt enda større forvirring enn før.
Realitetane talar langt sterkare enn formalitetane, same kor formell KM er i si handsaming av denne som andre saker.
I saka vart det fremja fem forslag, og berre eitt av dei fekk fleirtal. Mot to røyster vart det vedteke at ulikt syn på likekjønna eller heterofilt ekteskapet ikkje bryt det gudstenestelege og sakramentale fellesskapet, sjølv om det dreier seg om eit lærespørsmål.
Det vil seia at framlegget om vigselritual for «likekjønna ekteskap» ikkje er kyrkjesplittande. Dei to som stemde mot dette, var Øivind Benestad og Tor Soppeland, og eg vonar dei får namna sine i kyrkjehistoriebøkene som dei to klarsynte i KM 2014.
Til for få år sidan var det semje om at «likekjønna ekteskap» var kvalifisert vranglære og med det kyrkjesplittande. No er det altså motsett, etter at mindretalet i Bispemøtet gjekk i brodden for den negative «omvendinga».
Når praktisk talt eit samla KM har slått dette fast, ligg i røynda vegen open for å få på plass begge syna i liturgien og med det i læra.
Ein kan halda fast på ein ytre einskap trass i to syn, men dersom det er sant det apostelen seier, at dei som praktiserer likekjønna samliv, ikkje skal arva Gud rike, splittar dette med tanke på æva.
Det er det alvorlege, og det er det faktiske. Den splittinga som her er med tanke på frelse eller fortaping, er då også åndeleg til stades i kyrkja.
Eg utfordrar medlem av KM og førstelektor ved NLA, Egil Morland, til å forklara korleis det er mogleg å vera sanninga tru, og samstundes røysta som han gjorde i KM.
Det var sjølvsagt bra at det ikkje vart fleirtal for vigsel- eller forbønsliturgi for likekjønna par, sjølv om det berre mangla fem røyster på det siste og sju på det første.
Det er i røynda berre ei utsetjing av det formelle i saka, og samstundes ei forverring av realitetane. Dette fordi det no er vedteke at saka ikkje splittar, og fordi sentrale personar med MF-professor Harald Hegstad i spissen lanserte framlegg om å halda fast på den klassiske ekteskapsforståinga samstundes som ein innførte forbønsliturgi for likekjønna par.
Då er det slik som Rolf Kjøde påpeika i Dagen, at dette tåkelegg fordi ein «går forbi det grunnleggende spørsmålet om homofilt samliv er synd». Kjøde påpeika også at poenget ikkje er å samla om eit vedtak, men om «det som kan stå seg i en sannhetstest».
Vårt Land presenterte dette framlegget som eit kompromiss som «kan løse kirkens homofloke». For meg står det som eit syn som dreg til og låser floken, og som samstundes dekker til at det er ein floke. Dei som lever i openberr synd, skal kallast til omvending, ikkje til velsigning over synda.