NTB Scanpix
Fosterdrap og presidentval
Eg takkar redaktørane Vebjørn Selbekk og Petter Olsen for lynraskt svar på mitt Innspel, og det på godt nynorsk. Det at dei to redaktørane gjer noko så uvanleg at dei svarar saman, ber i seg at dei legg stor tyngde i svaret, og det aukar alvoret i saka.
------
Det er jo eit faktum at mange i USA som er mot friabort, har røysta på Hillary Clinton. Eg presisert dessutan i mitt Innspel at både Selbekk og Olsen har gjort klart at dei er imot abort, og ville ha røysta på Clinton på tross av det. Urette eller misvisande påstandar, der ein tillegg motparten andre standpunkt enn vedkomande har, er alltid problematiske for ein sakleg debatt. I dette høvet gjev det meg likevel ein sjanse til å presisera hovudsaka i det eg skriv. Det aktuelle innspelet var på mange måtar ei oppfylging av det forrige med tittelen «Kva ville barnet i mors liv stemt?».
Poenget mitt er at det ikkje er nok å seia at ein «på generelt grunnlag er imot abort». Det er ei formell utsegn som ikkje seier noko om alvoret i saka, og kva vekt ein vil leggja på spørsmålet. Vi har alle standpunkt som ikkje betyr så mykje for oss, og andre som vi er samvitsforplikta på, og som er bestemmande for livet.