Meninger
Frå 70-talet til 70-åra
For litt sidan kom ei bok meg i hende: Inger-Lise Finstad: «Brennende hjerter, om Jesusbevegelsen og det radikale 70-talet». Forlaget Efrem og forfattaren har her levert ein viktig historisk peikepinn både for oss som levde den gongen og dei yngre.
1970-talet var prega av eit generasjonsopprør. Men like mykje av ein generasjon med initiativ, sosialt samvit og engasjement. Maos lille røde og Bibelen. Chateau Neuf og Trefoldighetskirken. Guds fred og Children of God.
Eit politisk opprør med kamp for likestilling og fri abort. Og ei åndeleg oppvakning med Jesusvekkelse, store kristne ungdomskull, Ten Sing-kor og evangelisering på gatehjørna. Og med kristensosialistar oppi det heile.
Vi gjekk i demonstrasjonstog mot kolonimaktene i Afrika, mot Vietnam-krigen, mot abortlova og for Alternativ jul. Eg har enno liggjande buttons for solidaritet med fiskerigrenser på Grønland, Ja til livet og nei til EEC. Både studentar og ungdomsskuleelevar kunne dei politiske argumenta og alle slagorda.
Alle nivå i samfunnet var «heftig og begeistra». Engasjementet dreiv både ungdomane som sat rundt kjøkkenbordet med colaflaska i intim samtale med Jesus og dei som fylte gatene med politiske slagord.
No er eg sjølv kommen i 70-åra og kan som Inger-Lise Finstad reflektere over kva vi hadde og kva vi treng.
Ho har gjeve oss ei bok som bør lesast av både studentar og pensjonistar i dag. «Where have all the flowers gone?» Kvar vart det av Jesusbegeistringa?
Sidan 80-talet har velstandssamfunnet utvikla seg med rekordfart. Raddisar frå ungdomsopprøret har lenge sete som godt betalte konsulentar, rådmenn og disponentar. I dag lid både ungdomsarbeid i kyrkjene og ungdomane som heng på gatehjørna av mangel på friviljuge som vil vere vaksen-førebilete og ofre eigen tid, krefter og karriere. Vi er blitt born av ein individualistisk kultur. Karriere har konkurrert ut idealisme.
Det er mange unge der ute som er gripne av Jesus og lengtar. Men i store delar av ungdomsgenerasjonen er Jesus-vekkelse bytt ut med ein psevdo-religion som sosiologar kallar Moralistisk Terapeutisk Deisme. Denne vidarefører minimalt av historisk kristendom og dyrkar velvære, lukke og styrka sjølvkjensle.
Eit tilbakeblikk på 70-talet kunne trengast i mange miljø. Er vi blitt ein generasjon av sjølvdiggande navlebeskuarar? Faren er overhengande for at ein slik kultur imploderer i sosial apati og desengasjement.
«Gi meg de brennende hjerter.» Inger-Lise Finstad si bok er ein kjærkommen augeopnar for nokon kvar.