| Debatt
Frå eldfull tungetale til sekulær tungetåke?
Biskopane må snart ta hovudhjartet av jobben sin på alvor, meiner innsendaren. Her er nokre av bispane fotografert i Bergen domkirke i 2023.
Foto: Tuva Åserud / NTB
Kva skal døden med deg og meg i 2024? I staden for å formidle Jesu bodskap om temaet, som det sekulære fornektar og heller talar i gåter og tungetåke som passerer den ivrigaste tungetalande pinsevenn, vert 2024 avslutta med nok eit kjempebispehopp vekk frå Jesu bodskap om evig liv, ved å prøve hoppe over Joh 3,16.
Samstundes har abortlova vokse seg stor og sterk og vunne nok ein siger i lovverket. Utan nemneverdig bevege eit einaste bispehjarteslag i Den norske kyrkja. Som Dagen-redaktøren skreiv på leiarplass, kva og kven ein aborterer i veke 18, har ikkje komme fram i lyset. Ikkje slik ein forventar i det opne kunnskapstunge 2024.
På NRK-programmet «Helgemorgen» sundag 8. desember, er temaet dei triste julehistoriene. Tradisjonsrike historier vert difor endra, slik at det høyrest betre ut for dei sekulære blant oss. Sidan folk flest i dag ikkje trur på evig liv, må historiene som lener seg på dette skrivast om, for å møte eit moderne publikum.