Debatt
Som ungdommar frå Israel drar også norske til Polen - her i Auschwitz-Birkenau. Foto: Aktive Fredsreiser
Framleis anstrengt mellom Israel og Polen etter holocaust
Polske talsmenn har tatt til orde for gjenoppretting av sambandet, men Israel held att.
Polen sette ved ei lov i august så godt som strek for ”restitusjon” – tilbakeføring av eigedom beslaglagt av Nazi-Tyskland under krigen og vidareført av kommunistregimet fram til 1989.
Lova skapte diplomatiske forviklingar mellom Israel og Polen, for først og fremst gjaldt det jødisk eigedom.
Sjølv om det er visse teikn til oppmjuking, står plassen til ambassadørane i Warszawa og Tel Aviv i skrivande stund framleis tom.