| I fokus
Fred på jorda!
FREDSFYRSTEN: Barnet som er oss fødd og sonen som er oss gjeven, er sjølve fredsfyrsten, den underfulle rådgjevaren og frelsaren, skriv Erling Thu.
Det lyser i stille grender og i travle kjøpesenter i desse dagar. Glorete juledekorasjonar på hus og inni butikkar minner oss om tida vi lever i. Det er dyrtid, seier vi, og bruker meir pengar enn nokon gong før. Forskjellane aukar, rikdom og fattigdom lever side om side, men utanpå ser vi ganske like ut.
Julemusikk av ymse slag lyder over høgtalar og i øyreproppar hos unge og gamle. På TV-skjermane flimrar bileta dagleg av krig og liding i Gaza og Ukraina og andre stader. Den freden englane song om synest å vera så langt borte. Kan det vera fordi det er så få som syng, «Ære vere Gud i det høgste!»?
Det er nemleg ein klar samanheng i englesongen: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!» Barnet som er oss fødd og sonen som er oss gjeven, er sjølve fredsfyrsten, den underfulle rådgjevaren og frelsaren. Når vi ikkje ærar han, stengjer vi freden ute frå samfunnet og menneskehjartet. Banning, sverting og stygge ord skaper ingen fred i sinnet og heller ikkje mellom folk.