Kommentar
Fredagskveld med Jordan og Jesus
Han tek ofte ufatteleg lange verbale sløyfer for å få sagt ting Jesus sa med eit par briljante fyndord. Jordan Peterson er ikkje nett briljant, men han er stadig på veg, det skal han ha.
Han har dessutan ei heilt eiga evne til å dra med seg andre når han utforskar og undersøkjer ting. Det er truleg difor han fyller opp gigantiske møtelokale med alle slags folk.
Det skal liksom vera litt småkontroversielt å gå på eit Jordan Peterson-føredrag, men eg veit no ikkje eg. I foajeen på DnB-arena, Stavanger der verdsstjerna og psykologiprofessoren er fredagens trekkplaster, føler eg meg meir blant kreti og pleti.
Eg møter på ein lokal journalist som likevel kanskje føler seg annleis. Han er i alle fall komisk kjapp med å presisera at han «berre er på jobb, altså».
Stemmer, slik var det ja. Skal du ha kred i kultureliten, kan du ikkje tillata seg å forsvinna heilt i mengda på Jordan Peterson-føredrag. Canadiaren er trass alt anti-woke og dessutan mistenkjeleg populær. Som vi veit, særleg blant menn. Best å vera på vakt.
Då Jens Kihl, kulturredaktør i Bergens Tidende besøkte Dagen-podkasten Tore og Tarjei tidlegare i år, var han også oppteken av ikkje å la seg begeistra over kristnes fascinasjon over fenomenet Peterson.
Han representerer ein type lykke-og framgangskristendom, meinte Kihl. Dessutan tilbyr Kihl eit også eit overraskande teologisk korrektiv til Petersons kristen-lefling. «I hans argumenter finnes det ikke rom for fellesskap. Det er bare deg, deg, deg»
Men stemmer dette? Peterson går til dømes skarpt i rette med identitetspolitikkens evinnelege krinsing rundt individet. Det er ikkje sunt å gå slik i bane rundt seg sjølv, er jo eit av hovudpoenga hans.
Visst seier han ting som slumpar til å få ungdom til å rydda rommet og kanskje retta ryggen attpå. Men er det å gjenfinna orden etter fleire tiår der dekonstruksjon og normoppløysing har herja med kulturen vår, uttrykk for suksess og lykke-kristendom?
Då eg sette meg ned saman med 3000 andre for å lytta til Jordan Peterson fredag kveld, slo det meg at mannen står fram både risikovillig og sårbar der han står utan manus på den store scenen.
Det synest kanskje som eit paradoks for ein som har 2,6 millionar følgarar på Facebook og sikkert har tent seg søkkrik på sirkus Peterson.
Mannen er både risikovillig og sårbar.
Men 61-åringen er på veg mot ei gudstru som meir og meir liknar ei kristen tru. Ingenting verkar ferdig snakka, og han lar publikum få innblikk i prosessen med å søka Gud. Det er sårbart.
Han har vore sjuk, og er prega av det. Han gløymer eit ord her, og må henta seg inn litt der. Det er i alle fall sårbart for ein som lever av å vera smart og snartenkt.
Føredraga på turneen synest ikkje så velsmurte som mange andre svære føredrag, der du nærast får dei same poenga ned til kvar minste komiske pause, anten du møter opp i Longyearbyen eller London.
Han var i Bergen i april og dette var eit heilt anna føredrag, kommenterte ein som også hadde vore der. Den nemnde Kihl skreiv ei nokså kjølig melding derfrå, forresten, der han synest Peterson minner meir om Sophie Elise enn om Sissel Gran. Morosamt poeng, men også eit eg ikkje heilt skjønar.
For Peterson snakkar behageleg lite om seg sjølv. Eg har sikkert høyrt for lite på Sophie Elise, men eg har til gode å høyra henne opna munnen og snakka om noko anna enn seg sjølv.
Stikk i strid med pedagogisk skikk og bruk, er den svakaste og minst organiserte delen av fredagsføredraget dei første 20 minutta, der han prøver å få oss med inn i Jeffrey A. Grays teoriar om angst og hjernesystemet. Boka er visstnok ei av dei vanskelegaste bøkene Peterson har lese. Men ho er viktig for han, og han prøver å forklara kvifor.
Kva er det med han, som gjer at fleire tusen møter fram berre her i Stavanger?
Peterson er villig til å modellera visse samtalar vi treng å halda liv i, det er i alle fall ein av grunnane til at eg lyttar nysgjerrig til han.
Peterson verkar villig til å modellera visse samtalar vi treng å halda liv i, det er i alle fall ein av grunnane til at eg lyttar litt nysgjerrig til han.
Han gjev folk eit innblikk i tenking som strev, i resonnementets langtekkjelege labyrintar. Her, i tenkinga, må vi opphalda oss meir, her må vi stanga hovudet i veggen, skal vi koma vidare. På veg mot innsikt, mot nye fortsett og kanskje også mot endra liv.
Samtalen etter føredraget, det kveldens overraskingsgjest, Douglas Murray og Peterson svara på spørsmål frå salen, er eit høgdepunkt. Murray er den erkebritiske intellektuelle, som har blitt omfamna og utskjelt for fritalande kritiske analysar mellom anna av europeisk innvandringspolitikk, og ikkje minst for å påpeika identitetspolitikkens destruktive potensial.
Samtalen handla mellom anna om intellektuelle hindringar for gudstru og om den eksplosive voksteren i talet på unge menneske som vil skifta kjønn.
Kva er det han seier som gir grunnlag for å kalla han «kontroversiell», slik vanen er blant dei som mislikar han? Er det at han faktisk snakkar om dei 800 unge som årleg, berre i Canada, for tida vert gjenstand for heilt uverkelege medisinske eksperiment?
Er det at han nektar å gå med på at det er akseptabelt eller ansvarleg å operera unge, velskapte kroppar for å tilpassa dei til eit flyktig, kanskje forbigåande mentalt bilete av kven dei trur dei er?
Truleg. Så omvendt er tida vi lever i, at å verna dei unge mot å bli eit omvandrande, livslangt medisinsk eksperiment, er eit høgrisikoprosjekt og på full fart mot å bli straffbart.
På dette området har både Peterson og Murray brent alle bruer, og kan snakka fritt. Kjønnsskifteoperasjonar i den skalaen vi ser i dag, er ein skandale. Det er noko ettertida vil straffa hardt, konkluderer dei. Samtalen reflektere noko av det Peterson er innom i føredraget: Identitetsprosjektet bind folk fast i ei stadig krinsing rundt seg sjølv. Den einaste vegen ut, ligg i den enkle innsikta: «Det er berre ein av deg, men millionar av andre menneske. Du bør bruka mest tid på andre».
Eg meiner Peterson og den tvilande ateisten Murray driv ein type vegryddig for gudstru, som er vel verdt å låna øyra til. Dette minner meir om ein type «apologetikk med liten a» som t.d. Justin Bailey har skrive om, når han utarbeider si alternative tilnærming til trusforsvar i boka «Reimagining Apologetics» (2020).
Det finst visse vindauge i tilværet, utsiktspunkt som treffer noko djupt i oss og minner om at det finst noko meir. Det er knytt til venleik, til det storslåtte, til musikk og matematikk og mellommenneskelege møte. Mens Murray stoppar opp og ikkje heilt veit kva slike augneblinkar av ærefrykt inneber, er Peterson rask til å fylla på: «Dei betyr langt meir enn du trur …».
Mykje av det Jordan Peterson seier er lange, strevsame sløyfer mot dei konsise sanningane ytra av mannen han knapt nemner, Jesus. Enn så lenge er et for Peterson, som for mange som leitar seg fram mot trua. Det er tryggast med det generelle «Gud», men det er likevel Jesus Kristus, liv og lære han synest dregen mot som mot ein magnetisk pol.
Som kristen er det interessant at han set døra til dei grader på vid vegg og gir innsyn i prosessen.
Eg er på ingen måte i posisjon til å rangera kor smart Jordan Peterson er. Nokre kallar han middelmåtig, andre set han på pidestall. Ingen av delane verkar særleg fruktbart.
Å søka sanning, å vera på veg mot gudstru og å halda den frie samtalen levande, sjølv på ein forblåst fredagskveld i oljehovudstaden, det er ikkje reint lite berre det. Å få 3000 ut av sofaen og inn i ein sal der alt handlar om lytting og tenking, er faktisk inga lita bragd.