Kommentar
PETERSON I STAVANGER: 3000 møtte fram for å høyra psykologiprofessoren fredag denne helga. Foto: Gage Skidmore/Creative Commons
Fredagskveld med Jordan og Jesus
Han tek ofte ufatteleg lange verbale sløyfer for å få sagt ting Jesus sa med eit par briljante fyndord. Jordan Peterson er ikkje nett briljant, men han er stadig på veg, det skal han ha.
Han har dessutan ei heilt eiga evne til å dra med seg andre når han utforskar og undersøkjer ting. Det er truleg difor han fyller opp gigantiske møtelokale med alle slags folk.
Det skal liksom vera litt småkontroversielt å gå på eit Jordan Peterson-føredrag, men eg veit no ikkje eg. I foajeen på DnB-arena, Stavanger der verdsstjerna og psykologiprofessoren er fredagens trekkplaster, føler eg meg meir blant kreti og pleti.