For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

| Debatt

Freden og fredsbarnet

FREDSBARNET: Jesus kom til verda som eit fredsbarn for å skape fred mellom Gud og menneske, skriv Ottar Nevstad.
Publisert Sist oppdatert

I 2005 kom filmen «Joyeux Noël». På norsk fekk han tittelen «Ein dag utan krig». Filmen handlar om den første verdskrigen der allierte soldatar kjempa mot tyske soldatar. I filmen vert sjåarane kjende med stjernetenoren Nikolaus Spring, som deltok i krigshandlingane.

Nikolaus er tilsett i Berlin-operaen. Soldatane ved frontlina er slitne og uttappa. På Julaftan syng Nikolaus «Stille Nacht, heilage Nacht». Hos oss er songen kjend som «Glade jul, heilage jul».

Dei allierte soldatane svarar med klapping i hendene. Soldatane forlét no skyttargravene sine og ynskte kvarandre «God jul». Så fekk dei ordre om å gå attende til skyttargravene, men det ville dei ikkje. Soldatane feira jul saman som venner. Det førte til at desse troppane vart sende til andre frontavsnitt, sidan dei var ubrukelege soldatar. Evangeliet er bodskapen om han som skapte fred og nytt fellesskap.

Powered by Labrador CMS