Debatt
LOKAL KYRKJE: Kyrkja er dei levande fellesskapa av menneske som kjem saman til gudsteneste, nattverd, bøn og kristen teneste i lokalsamfunnet, skriv Arve Kjell Uthaug. Flakstad kyrkje ligg i Flakstad kommune i Nordland.
Adobe Stock
Frimodig kyrkje si hovudsak at kyrkja er lokal
Karl Øyvind Jordell skriv i Dagen om kyrkjevalet (22.1. og 9.2.), og refererer til «de partier som går til valg med program for å få valgdeltakelsen ned». Og partia han siktar til er Bønelista og oss i Frimodig kyrkje.
No er det ikkje slik at Frimodig kyrkje har programfesta at vi ønskjer å få ned valdeltakinga ved kyrkjevalet. Kor høg valdeltakinga er ved kyrkjevalet er rett og slett ikkje det vi bryr oss mest med.
Derimot ønskjer vi at kyrkjedemokratiet skal forankrast i dei lokale kyrkjelydane, og i fellesskapet av dei som samlast til gudsteneste. Programmet vårt går inn for direkte val til sokneråd i kyrkjelyden sine lokale, og som hovudregel i tilknyting til gudstenestefeiringa, og deretter val til bispedømeråd og kyrkjemøte gjennom sokneråda.