Debatt
FRISKULE: Mange, langt inn i Ap-gruppa, er storleg imponerte over United World College (UWC) i Fjaler, skriv Trude Brosvik. Dronning Sonja og dronning Noor av Jordan opna den internasjonal skulen i Sunnfjord, i september 1995.
Morten Hval / NTB
Friskulane har få vener i regjeringa
Eg mistenkjer at Regjeringa innser at ho ikkje kan forby friskular fordi det er mot menneskerettane. Så då må ein finne ein annan måte å nå målet på.
Det er ei kjent sak at Ap ikkje er glad i at nokon skal velje å gå på ein annan skule enn den offentlege. Det er eit ideologisk standpunkt. Litt rart at argumentet deira er å sikre mangfald. Dei fleste ville vel meine at eit innslag av friskular nettopp sikrar mangfald.
Regjeringa erkjenner at FNs barnekonvensjon gjev foreldra både rett og plikt til ansvar for oppdraging og utdanning. Derfor kan dei ikkje nekte friskular / privatskular. Regjeringa legg ikkje skjul på kva mål lovendringa som er på høyring har; å «stoppe veksten i private skoler». I tillegg vert det varsla ytterlegare lovendringar som skal «sikre lokale folkevalgtes innflytelse over framtidig dimensjonering av private skoler som er i drift».
Desse uttalte måla gjer at det er vanskeleg å tru regjeringspartnar Sp når dei prøver å få dette til å sjå ut som berre styrking av lokalpolitisk innverknad på kva skular som skal kunne opprettast. Slik innverknad finst allereie, gjennom Privatskulelova. Endringa no er at det skal leggjast sterkare vekst på lokal uttale, og særleg viss denne er negativ til oppretting (!).