Debatt

Fullstendig tillit til Gud

Publisert Sist oppdatert

Godt eller gale, spørsmålet melder seg når eg les Fred Andersen sine interessante refleksjonar under overskrifta «Gudstro i endring» 8. november. Eg er i om lag den same situasjonen som Fred Andersen seier seg å vere i, for eg er også ei gammal teologisk ufaglært sjel som har hatt mykje å takke Gud for gjennom livet. Eg har halde meg i Den norske kyrkja, og eg godtek truvedkjenninga som eit uttrykk for den kyrkjelege fellesskapen.

Men eg trur ikkje som Fred Andersen at den tradisjonelle dogmetru kristenlæra er rettare eller betre enn ei kristentru som godtek liberal teologi, og som kan vere basert på eit alvorleg strev for å nå fram til ei sann og ekte personleg tru. Dogme og trussetningar er det menneske som har formulert, og vel dei fleste finn seg til rette med kyrkja si offisielle lære.

Det gjer for så vidt eg og, men berre som eit fellesskapsskapande uttrykk. Mi eigentlege tru er den eg gjennom eit langt liv har kjempa meg fram til: At Gud er ei universell kjærleikskraft som viste oss kjærleiken sin til oss gjennom Jesus, som let seg torturere til døde i solidaritet med oss menneske med vår ufattelege sum av liding, naud og elende – ikkje for å sone for menneska sine synder mot Gud.

Så trur eg at Jesus stod opp frå dei døde, for det finst fysiske bevis som ingen kan oversjå (Les Jostein Andreassen si bok «Likkledet i Torino. Et tegn for vår tid.)

Den generelle formuleringa som Fred Andersen bruker om si tru, kan eg slutte meg til: at «håpet om at noe av eksistensiell betydning og som ikke er erkjennbart, likevel kan være sant».

Men sann gudstru er så mykje meir enn dei menneskeskapte dogma som Fred Andersen vel meiner er heilt avgjerande. Menneskeskapte dogme har sin plass i ei felles truvedkjenning, men dei er ikkje like nødvendige i den personlege trua.

Det var Anselm av Canterbury som på 1000–1100-talet formulerte dogmet om at Jesus måtte sone for menneska sine synder mot Gud. Nesten samtidig med han levde Pierre Abelard, som forkynte at det er kjærleiken som Gud viser oss gjennom Jesus som frelser oss, fordi denne kjærleiken skaper ein trong i oss til å gjere det gode. (Sjå Leif Grane: Pierre Abelard, dansk utgåve side 115.)

Denne måten å oppleve forholdet til Gud på, kan føre oss til ein fullstendig tillit til Gud. Dette blir uendeleg vakkert uttrykt i Ingeborg Prytz Fougner sin salme: Ikke en spurv til jorden, salmeboka nr. 324.

Ikke en spurv til jorden/ uten at Gud det vet, /ikke en sjel mot døden/ uten hans kjærlighet./ Ikke en blomst er visnet,/ ikke en tåre falt/ uten at Gud vet om det,/ han som er overalt.

Powered by Labrador CMS