For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

| I fokus

Gå, gjer folk til læresveinar!

MISJONSOPPDRAG: Misjonsoppdraget startar med befalinga om å gå. Vi må gå til folk. Det er ikkje nok å invitera folk til kristne møte eller aktivitetar, skriv Erling Thu.
Publisert Sist oppdatert

Misjonsbefalinga eller misjonsoppdraget er sentralt for alle kristne. Det ligg djupt i alle kristne at vi må misjonera. Det er oppdraget alle kristne har fått frå Jesus Kristus, han som har all makt i himmel og på jord. Evangeliet er Godt Nytt for alle menneske. Lovnaden til Abraham, at i hans ætt, Jesus Kristus, skal alle familiar på jorda velsignast, gjeld framleis. Gud elskar alle menneske og vil dei at dei leva i velsigning. Det er det misjonsoppdraget handlar om.

Det velsigna livet er å leva i fellesskap, fred og harmoni med Den treeinige Gud, Far, Son og Den Heilage Ande og Guds folk. Sjølv om vi kjenner orda i misjonsbefalinga (Matt 28,18–20) har vi likevel eit overflatisk forhold til oppdraget. Mange kristne tek det ikkje på alvor. 

Misjonsoppdraget startar med befalinga om å gå. Vi må gå til folk. Det er ikkje nok å invitera folk til kristne møte eller aktivitetar. Vi må ta initiativ til å gje folk evangeliet om Guds rike og gjera dei til læresveinar. Berre folk som sjølve er læresveinar, kan gjera andre til læresveinar. Vi kan berre gje vidare det vi sjølve har teke imot.

Powered by Labrador CMS