Gamalt nytt tilslører problemet
Forslaget frå Skaperkraft tilslører meir enn det løyser problemet. Vi håpar at tankesmia og dei to leiarane tenkjer seg grundigare om før dei kjem med nye utspel.
Tankesmia Skaperkraft med leiar Hermund Haaland og den nye kommunikasjonsjefen Filip Rygg lanserte i Dagen 8. september løysing på problematikken med den kjønnsnøytrale ekteskapslova:
« Løsningen er borgerlig vigsel» var overskrifta. Dette er gamalt nytt for dei som har følgd diskusjonen både i media og i partisamanheng.
Også i KrF har dette vore framme og vist bort.
Vi må tilstå at forslaget kom uventa frå denne tankesmia. Dei hadde tent på å ha betre prinsipielt grunnlag for å koma ut med slike signal.
Verdipremisser om ekteskapet er ikkje ei ordning for trussamfunn, men er spørsmål som i høg grad høyrer heime i samfunnet.
Borgarleg vigsel er i og for seg greit. Det er jo tilfelle i dei fleste land. Når vi i vårt land har halde på høve til «kyrkjeleg vigsel», er det jo fordi mange synest det er greit å få inngå ekteskap som samfunnsordning samtidig med at det skjer for Guds andlet og kan skje under forbønn.
Det er slik vi strategisk forsvarer denne tradisjonen. Men debatten om ekteskapet som institusjon i samfunnet mellom mann og kvinne dreier seg om noko langt djupare enn om stiftinga skjer på rådhuset eller i kyrkja. For KrF står det om ein skal bringa verdispørsmål inn i samfunnet eller avgrensa det til kyrkjerommet. Det siste ville vera å svikta si rolle og karakter som politisk parti. Eit politisk parti er ikkje eit kyrkjeleg organ, men eit organ for å løfta fram verdiar i samfunnet.
KrF har ekteskapet som ordning mellom mann og kvinne i sitt prinsipprogram fordi vi meiner dette er den rette forståinga av ekteskapet og tek vare på relasjonen mor/far/barn på rett og best måte. Jfr. FNs barnekonvensjon 7.1
At samfunnet må ha juridiske ordningar for andre samlivsformer – samkjønna – er ei anna sak. Ekteskapet er Guds skaparordning og per definisjon ei ordning for mann og kvinne. Bispemøtet uttalte også nesten samla i 2007 at «kjønnspolariteten er konstituerende for ekteskapet.» Adressa var ikkje berre kyrkja, men samfunnet.
Å ta bort dei verdimessige premissene for ekteskapet i samfunnet vil faktisk ha store konsekvensar for verdimessige premisser for politikken i det heile.
I forhold til trussamfunn har KrF berre eit verdistandpunkt når det gjeld liturgiopplegget – nemleg å verna deira trusfridom. Men i samfunnet er det vår verdiprofil å løfta fram ekteskapet mellom mann og kvinne ut frå både prinsipielle, historiske, sosiologiske og biologiske premisser for samfunn og barns rett til mor og far.
Det er også dette to-kjønna ekteskapet som har vern i Menneskerettane. Å hevda at borgarleg vigsel løyser problemet er faktisk å seia at vi ikkje skal bringa kristne verdiprioriteringar inn i samfunnsdebatten på dette området. Det vil ha konsekvensar for verdipolitikken på andre område.
Studerer ein det lettvinte førearbeidet til den einkjønna ekteskapslova, ser ein at det er den prinsipielle ekteskapsinstitusjonen ein ville fjerna.
Det to-kjønna ekteskapet blei framstilt som ein avleggs undertrykkande patriarkalsk arv ein måtte løysa seg frå og omgjerast til ein ny institusjon «for folk som var glad i kvarandre.» Då er det heller ikkje lenger ei prinsipiell ordning for to, men ei relativistisk ordning der tallet er uinteressant.
Å avskriva ordninga med det to-kjønna ekteskapet er å gi etter for forsvararane av den nye lova sin språkbruk og skuldingar om diskriminering, monopol og forskjellsbehandling.
Difor meiner vi at forslaget frå Skaparkraft meir tilslører enn løyser problemet. Vi håpar at tankesmia og dei to leiarane tenkjer seg grundigare om før dei kjem med nye utspel.