Debatt

GENERASJONAR: Dei eldre treng dei unges kompetanse og dei unge treng dei eldre sin livserfaring og visdom.

Generasjonane treng kvarandre

Publisert Sist oppdatert

Kanskje tenke du at vi som er eldre tilhøyrer fortida, eller du opplever gjerne at du ikkje henge med på tekniske løysningar og digital utvikling og kjenner deg meir og meir utdatert på fleire område. Du tenke kanskje at dei unge er dei som veit best og at dine erfaringar ikkje er så viktige.

Men tru meg, også dei unge kan føle seg usikre. Dei kan kjenne på ein uro og frykt for korleis framtida vil bli og korleis dei skal klare oppturar og nedturar i livet.

Fakta er at vi treng kvarandre på tvers av generasjonane. Dei eldre treng dei unges kompetanse og dei unge treng dei eldre sin livserfaring og visdom.

Dei eldre treng dei unges kompetanse og dei unge treng dei eldre sin livserfaring og visdom.

Dei eldre har svært mykje ressursar, livsvisdom og kompetanse. Når vi bruke vår kompetanse for å hjelpe andre, erfarer vi meining med livet.

Då KrF var pådrivar for å få på plass Verdigheitsgarantien i eldreomsorga i 2010 var det mellom anna for å sikre ein meiningsfull alderdom. Garborg har sagt: «Me byggjer det gode i oss, når me gjer det gode ikring oss». Nettopp i dette sitatet er det mykje visdom. At vi får bety nokon for nokon gjev meining både for ein sjølv og dei som er rundt oss.

Over lengre tid har vi sett og høyrt at svært mange unge har utfordringar med psykiske helse og utenforskap. Det handle om einsemd, å vere åleine eller ikkje ha eit nettverk å lene seg på når livet buttar imot.

Dette kan også gjelde dei som ikkje nødvendigvis har psykiske utfordringar, men som kjenner på manglande tryggleik i kvardagen. Fellesnemnaren er at dei har eit behov for håp og ei vissheit om at det vil gå bra i livet, sjølv om det no er tøft. Både gjennom forsking og i vårt kvardagsliv veit vi at betydninga av håp er avgjerande for liv og livsmeistring.

Dei unge spør etter håp, og seier at meir enn nokon gong treng dei vaksne som har livserfaring. Nyleg las eg dette sitatet: «Vi ungdom har større behov enn våre foreldre for å samtale om tilværelsens grunnbetingelser.»

Eller for å seie det på ein annan måte: Vi vil være saman med dykk. Snakk til oss og med oss. Vi treng dykkar visdom og klokskap for å meistre livet. Vi treng at de ikkje «slepp sykkelen» for tidleg og trur at vi klarer oss sjølv.

På mange måtar treng dei unge å forstå at den eldre generasjon ikkje først og fremst representerer fortida, men framtida. Ein 70-åring har levd 50 år lenger enn ein 20-åring. Ein har levd 50 år som den unge enno ikkje har levd.

Det er klart at 20-åringane sine liv vil bli annleis enn 70-åringen sitt. Så er der likevel læring, erfaring og det livet ein har levd som 20-åringen treng for å ha håp.

Ikkje minst kan 70-åringen seie: Eg har møtt vanskar og det er mogleg å komme seg gjennom dei. Eg har gått i tunnellar og dei har vore mørke, men det har vore både lys i enden av tunellen, og lys langs vegen.

70-åringen kan tale inn håp til 20-åringen og seie: Det går bra. Dette greier du. Eg har vore der. Eg kjem frå fortida for å gi deg framtid. Når ein oppleve at ein er til nytte og hjelp kjenner ein på at livet er meiningsfullt og gjev verdigheit.

At vi legg til rette for møteplassar på tvers av generasjonar er ei av KrF sine viktige saker. Lyttevenn, der barn les høgt for eldre, er eit godt eksempel som er viktig både i eit folkehelseperspektiv og generasjonsperspektiv.

Vi har eit samfunn som er altfor oppdelt og inndelt i aldersbestemte klasser i dag. Samtidig bur dei unge gjerne langt unna nær familie og besteforeldre, slik at mange ikkje kjenner menneske som er eldre enn ein sjølv. Og mange eldre saknar sine.

Når vi då les i Ung-data undersøkinga at 80 prosent av ungdommane gjerne vil bruke meir tid med sine foreldre (og eg kan legge til besteforeldre eller andre trygge vaksne) og ser nytten av å vere saman med dei, må vi som er vaksne ta dette til oss og tru det. Dette gjeld også besteforeldre og tanter og onklar.

Vi må vere nyskjerrige på deira liv og samtidig dele våre erfaringar frå den gongen vi mellom anna hadde kjærleikssorg, opplevde vårt største livstap og kom oss igjennom stormar. Vi må også fortelje om kva «sår» vi har fått og korleis det har forma oss på ulike måtar på godt og vondt. I dag spør dei unge etter ærlege og livskraftige liv.

Slik kan ein på ulik måtar finne fellesnemnaren, sjølv om ikkje alt er likt. Ikkje minst kan den eldre hjelpe den unge til å forankre sitt liv i det som betyr noko, det som er berekraftig og som står seg i stormane vi må igjennom som menneske.

Unge menneske lever i ei verd der tusenvis av stemmer fortel dei kven dei er, kven dei burde vore, kven som er innafor og kven som er utanfor. Kanskje meir enn nokon gang treng dei unge den berolegande stemma til eit eldre menneske som ser dei og som seier: Vær ikkje uroleg. Der er lys i tunnelen. Eg veit det. Eg har erfart det. Der er håp.

Det håpet ber de som les dette. Ver opne og by på dykk sjølve og dykkar livserfaring, det treng vi alle. Då er du med på å gje kvardagen ei meining, og kan oppleve at livserfaringane dine kjem godt med som rettleiing og oppmuntring til fleire.

Powered by Labrador CMS