For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

ALKOHOLFRITT: Born ønsker vaksne som er til stades og som ter seg normalt og er hyggjelege, skriv leiinga i IOGT Midt-Noreg.

Gje borna ei hyggjeleg og kvit jul

Publisert Sist oppdatert

IOGT er igjen i gang med Kvit jul-aksjonen sin. Målet er å få folk til å feire jul utan alkohol når dei er saman med born. For dei fleste borna er jula ei høgtid dei gler seg til. Det er spenning og gode forventningar, og i jula er det hyggjelege samlingar med familie og venner.

Men det er og nokre born som ikkje ser fram til jula med glede. Det er barn som gruar seg til jula på grunn av alkoholkonsumet til dei vaksne. Mange born opplever uhygge og utryggleik når foreldra eller andre vaksne er alkoholpåverka. Born ønsker vaksne som er til stades og som ter seg normalt og er hyggjelege.

Tal frå Helsedirektoratet syner at 150.000 born i Norge lever med foreldre som drikk for mykje alkohol i jula. Mange fleire born har foreldre med eitt risikofylt alkoholforbruk. Ei undersøking syner at 23 prosent av borna i alderen 8–19 år opplever at foreldra drikk meir i jula enn elles i året. I desember blir det drukke dobbelt så mykje som i dei andre månadene i året.

Powered by Labrador CMS